Pianotrio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein pianotrio er eit musikalsk ensemble sett saman av piano og to andre instrument, eller verk skrive for dette.

Innan klassisk musikk viser pianotrio til fiolin og cello i tillegg til piano, eller ein komposisjon skriven for ei slik besetning.

Innan jazz meiner ein som oftast eit ensemble med piano, kontrabass og trommesett. I tidlegare jazzhistorie var det vanlegare med kombinasjonen piano, trommer og eit blåseinstrument (somklarinett eller trompet) og kombinasjonen piano, gitar og kontrabass.[1] Av dei tidlegaste pianotrioane kan ein nemna Jelly Roll Morton sin trio frå 1927 og Nat King Cole sin trio frå 1937. Seinare trioar med stor påverkand inkluderer Bill Evans trio, Oscar Peterson trio og Brad Meldhau trio. I Norge har særleg Tord Gustavsen trio og «in the country» vore viktige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Judy, Ned: «Origins and Early Development of the Jazz Piano Trio»