Pick Withers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pick Withers

Withers med Dire Straits i 1978
Fødd4. april 1948 (76 år)
FødestadLeicester
FødenamnDavid Withers
AliasPick Withers
OpphavStorbritannia
Aktiv1964 til i dag
SjangerRock, jazz
Instrumenttrommer
Tilknytte artistarDave Edmunds, Magna Carta, Dire Straits
Verka somMusikar, produsent

David «Pick» Withers (fødd 4. april 1948) er ein engelsk trommeslagar. Han var den første trommeslagaren i rockebandet Dire Straits og spelte på dei fire første albuma deira, inkludert hittar som «Sultans of Swing,» «Romeo and Juliet» og «Private Investigations».[1]

Withers spelte først trommer i Boys Brigade. Han vart profesjonell musikarar 17 år gammal i eit band kalla the Primitives, etterfølgd av bandet Spring, som fekk platekontrakt med hadde lite suksess. Dei spelte inn eitt album for RCA. I midten av 1970-åra var han fast trommeslagar ved Rockfield Studios i South Wales. Han spelte på plater av mellom andre Dave Edmunds og Hobo, inkludert John Dummer Band, Magna Carta og Gary Fletcher Band.[2]

Utstyr og teknikk[endre | endre wikiteksten]

Withers sin stil med Dire Straits skil seg ut med ein tilbakehalden, enkel skarptromme og hi-hat i staden for tunge rytmar og fart. Som gitarspelinga til frontmannen Mark Knopfler, var stilen til Withers blues-basert. Pick Withers spelte òg på Prelude-albumet How Long Is Forever i 1972. Knopfler møtte Withers i 1973 i London då han spelte i bluesbandet Brewers Droop, der Withers alt spelte. Withers arbeidde fast med Knopfler gjennom midten av 1970-åra, samstundes som han arbeidde for Rockfield.

Withers spelte på Dire Straits-albuma Dire Straits (1978), Communiqué (1979), Making Movies (1980) og Love Over Gold (1982).

Withers slutta i bandet sommaren 1982, kort tid etter Love Over Gold var ferdig innspelt, for å vere meir med familien og spele jazz. Han fortalte i eit intervju at han hadde bukka under for kjensla om at det ikkje var noko att i musikken for han og at han var i fare for å verte «ein rocketrommeslagar». [treng kjelde] Erstattaren hans i Dire Straits var Terry Williams, som òg hadde spelt for Dave Edmunds.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Dire Straits[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Dire Straits.

Med andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wright, Jade (7. januar 2011). «Pick Withers: From Dire Straits and Bob Dylan’s trommeslagar to putting on his own gigs in Liverpool - Liverpool Arts - Entertainment». Liverpool Daily Post. Henta 15. september 2014. 
  2. «garyfletchermusic.co.uk». garyfletchermusic.co.uk. Henta 15. september 2014.