Pikulettar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Picumninae)
Pikulettar
Okernakkepikulett Picumnus temminckii Foto: Dario Sanches
Okernakkepikulett Picumnus temminckii
Foto: Dario Sanches
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Spettefamilien Picidae
Underfamilie: Pikulettar Picumninae
Gray, 1840

Pikulettar er ei gruppe små hakkespettar og ein distinkt underfamilie av ca. 30 artar som lever hovudsakleg i tropisk Sør-Amerika, med berre tre asiatiske og éin afrikansk art.

Til likskap med dei «verkelege» spettane, har pikulettar store hovud, lange tunger som dei nyttar til å trekkje ut byttedyr med, og zygodaktyle føter, klatreføter, med to tær peikande framover, og to bakover. Men dei manglar dei stive halefjørene som spettane brukar når dei klatrar i tre, så det er meir sannsynleg at pikulettar kviler på ei grein enn i oppreist stilling på ein trestamme slik som spettane gjer.

Nebba deira er kortare og mindre dolkliknande enn hos spettane, slik at dei søkjer insekt og larver hovudsakleg i råte trevirke. Tilsvarande gjenbrukar dei spettehòl til reirplass, framfor å hakke ut eigne hòl. Egga er kvite, som hos mange andre hòlerugarar.

Vanlegvis har desse fuglane grå eller mattgrøn overside og lys underside med mørke striper.

Storpikulett, monotypisk i slekta Nesoctites, er ikkje rekna som medlem av underfamilien Picumninae.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Pikulettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]

Slekt Picumnus

Slekt Sasia

Slekt Nesoctites

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (20. desember 2010), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 2. januar 2011 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]