Pidie Jaya-distriktet
Pidie Jaya er eit distrikt i Aceh-regionen, heilt nord på Sumatra i Indonesia. Distriktet dekkjer eit areal på 1.073,6 km² og hadde ein folkesetnad på omlag 140.000 (2014).[treng kjelde]
Geologi[endre | endre wikiteksten]
Pidie Jaya er utsett for jordskjelv. Den 7. desember 2016 vart distriktet utsett for eit skjelv med styrke 6,4 på Richterskalaen[1]. Episenteret låg omlag 10 km nord for byen Reuleut, på ei djupn på ca. 17 km.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Kalajdzic , P., 54 døde etter kraftig jordskjelv i Indonesia, nrk.no, 7/12-2016.
