Piece of Mind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Piece of Mind
Studioalbum av Iron Maiden
Utgjeve 16. mai 1983
Innspelt Januar - mars 1983 i Compass Point Studios, Nassau i Bahamas
Sjanger Heavy metal
Lengd 45:18[1]
Selskap EMI
Capitol (Nord-Amerika)
Produsent Martin Birch
Iron Maiden-kronologi
The Number of the Beast
(1982)
Piece of Mind Powerslave
(1984)
Singlar frå Piece of Mind
  1. «Flight of Icarus»
    Utgjeve: 11. april 1983
  2. «The Trooper»
    Utgjeve: 20. juni 1983

Piece of Mind er det fjerde studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, opphavleg gjeve ut i 1983 på EMI og så på Capitol i Canada og USA, der det seinare kom ut på Sanctuary/Columbia Records. Det var det frste albuemt med trommeslagaren Nicko McBrain, som nyleg hadde slutta i det Paris-baserte bandet Trust og som har vore trommeslagaren i Iron Maiden sidan den gongen.

Piece of Mind var kritikarrost og selde godt, og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart. Det selde til platinaplate i Storbritania og Nord-Amerika.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I desember 1982 slutta trommeslagaren Clive Burr i bandet på grunn av personlege problem og vart erstatta av Nicko McBrain, som tidlegare hadde spelt i det franske bandet Trust, i tillegg til Pat Travers og Streetwalkers.[2] Kort tid etter reiste bandet til Jersey for å skrive songar, og tok over hotellet Le Chalet (det var utafor høgsesongen) og øvde i restauranten der. I februar reiste bandet for første gongen til Bahamas for å spele inn albumet i Compass Point Studios i Nassau. Innspelinga var ferdig i mars, og albumet vart etterpå miksa i Electric Lady Studios i New York City.[3][4]

Dette var det første av fem Iron Maiden-album som ikkje var kalla opp etter ein song på albumet (sjølv om teksten i songen «Still Life» inneheld linja «peace of mind»). Opphavleg var arbeidstittelen Food for Thought, då bandet valte at Eddie skulle vere lobotomisert på plateomslaget, før bandet kom opp med tittelen Piece of Mind på ein pub på Jersey under låtskrivinga.[5]

I nedre hjørnet på baksida av plateomslaget står det: «No synthesizerar or ulterior motives» (Ingen synthesizerar eller skjulte motiv).

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Tekstane på albumet reflekterer stort sett dei litterære interessene til bandet, som «To Tame a Land», inspirert av science fiction-romanen til Frank Herbert frå 1965 Dune; [6] «Sun and Steel» basert på Yukio Mishima-essayet om samuraien Miyamoto Musashi;[7] «Still Life», inspirert av Ramsey Campbell-novella «The Inhabitant of the Lake» frå 1964,[7] og «The Trooper», inspirert av Alfred, Lord Tennyson-diktet The Charge of the Light Brigade (1854).[8] Fleire songar er òg inspirerte av filmar, som «Where Eagles Dare», som er basert på Brian G. Hutton-filmen med same namn, med manus av Alistair MacLean,[9] og «Quest for Fire», som var basert på filmen av Jean-Jacques Annaud frå 1981.[6] I tillegg inneheld «Revelations», skriven av Dickinson,[10] linjer frå G.K. Chesterton-hymnen O God of Earth and Altar,[11] medan resten av songen er inspirert av Aleister Crowley.[7] Meir eksotiske inspirasjonskjelder er gresk mytologi i «Flight of Icarus».[7] «To Tame a Land» skulle opphavleg heite «Dune» etter romanen. Men då dei bad om løyve til å få bruke namnet, fekk bandet eit svar attende om at «Frank Herbert likar ikkje rockeband, særleg ikkje heavy rock-band, og særleg ikkje band som Iron Maiden» og måtte endre namn.[6]

Løynd melding[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av det sjette sporet, «Still Life», tok bandet med ei løynd melding, som ein berre kunne forstå om ein spelte songen baklengd. Dette var ein spøk som var meint for kritikarane som skulda Iron Maiden for å vere satanistar. Baklengdmeldingar vart lesene av McBrain som etterlikna skodespelaren John Bird si tolking av Idi Amin,[7] og bestod av «What ho said the t'ing with the three 'bonce', do not meddle with things you don't understand...», etterfølgd av ein rap. Uttrykket er henta frå det satiriske albumet The Collected Broadcasts of Idi Amin (1975) av Bird og Alan Coren.[7]

McBrain sa «Me var så lei av å bli skulda for å vere djeveldyrkarar og alt dette tøvet frå dei jævla idiotane i Statane, og me tenkte 'Ok, så du vil bli gjort narr av? Me skal vise dykk!' Og ein av gutane tok opp Idi Amin-parodien min som eg brukte å ta etter eit par drinkar. Eg hugsgar det enda med orda 'Don't meddle wid t'ings yo don't understand.' Me tenkte at om folk vil vere så tøvete om slike ting, så skal me verkeleg gje dei noko å vere tøvete av.»[3]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[9]
Collector's Guide to Heavy Metal10/10[12]
Kerrang!positiv[13]
Sputnikmusic4.5/5[14]

Piece of Mind kom ut 28. mai 1983 og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart.[15] Før albumet kom ut, kom singelen «Flight of Icarus» den 28. april og den påfølgjande turneen, World Piece-turneen, starta i Hull City Hall den 2. mai. Turneen enda 18. desember etter 139 konsertar i alt, inkludert ein fjernsynssendt konsert frå Westfalenhalle i Dortmund.[16][4]

I Nord-Amerika oppnådde albumet den høgaste plasseringa bandet hadde hatt til då med ein 14. plass på Billboard 200.[17] I juli hadde Piece of Mind seld til gullplate i USA,[18] og i 1986 til platinaplate..[19] I 1995 hadde albumet selt til platinaplate òg i Storbritannia.[20]

Meldingane for Piece of Mind var stort sett positive. I 1983 publiserte magasinet Kerrang! ei undersøking om dei beste metal-albuma til då, og Piece of Mind vart rangert som det beste, med The Number of the Beast på andreplassen.[5] Etter utgjevinga har albumet fortsett å få gode meldingar, og Sputnikmusic skreiv at «det er lett eit album som bør høyre heime i platesamlinga di», men hevda likevel at «album som Powerslave [1984], Somewhere in Time [1986] og Brave New World [2000] er betre»,[14] medan AllMusic skildra det som «essensielt for alle som sjølv berre har ei grunnleggjande interesse i heavy metal», men «den andre halvdelen er ikkje like bra som den første».[9] Albumet vart rangert på 21. plassen på lista til IGN over dei 25 beste metal-albuma i 2007.[21]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Where Eagles Dare»  Steve Harris 6:08
2. «Revelations»  Bruce Dickinson 6:51
3. «Flight of Icarus»  Adrian Smith, Dickinson 3:49
4. «Die with Your Boots On»  Smith, Dickinson, Harris 5:22
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
5. «The Trooper»  Harris 4:10
6. «Still Life»  Dave Murray, Harris 4:27
7. «Quest for Fire»  Harris 3:40
8. «Sun and Steel»  Dickinson, Smith 3:25
9. «To Tame a Land»  Harris 7:26
45:18
Bonusplate med CD-utgåva frå 1995
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «I've Got the Fire» (Montrose-song)Ronnie Montrose 2:38
2. «Cross-Eyed Mary» (Jethro Tull-song)Ian Anderson 3:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget.[1][22]

Iron Maiden
Produksjon

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 2010 gav Maiden uniteD ut ei heilakustisk tolking av albumet, kalla Mind the Acoustic Pieces.[23]

To songar vart spelte på hyllestalbumet Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden frå 2008: «The Trooper» av Coheed and Cambria og «To Tame a Land» av Dream Theater.[24] Sistnemnde kom òg ut på ei spesialutgåve av Dream Theater-albumet Black Clouds & Silver Linings i 2009.

«The Trooper» har blitt spelt av det finske doom/death metal-bandet Sentenced på EPen The Trooper frå 1994,[25] det amerikanske heavy metal-bandet Iced Earth på turneutgåva av albumet Dystopia frå 2011,[26] death metal-bandet Vital Remains i 1998 på hyllestalbumet A Call to Irons,[27] det kristne hardrockbandet Stryper på albumet The Covering i 2011,[28] og det svenske lounge-bandet HellsongsHymns in the Key of 666 frå 2008.[29]

«Where Eagles Dare» har blitt spelt av Fozzy på det andre albumet deira, Happenstance, i 2002.[30] Fozzy har òg spelt «The Prisoner» (frå The Number of the Beast) på debutalbumet Fozzy.[31] Songen er òg blitt spelt av det færøyske viking metal-bandet Týr på albumet Valkyrja i 2013,[32] og Deliverance i 2013 på albumet Hear What I Say!.[33]

«Die with Your Boots On» har blitt spelt av Sonata Arctica.[34]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Land Liste (1983) Plassering
Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 10[35]
Finland Den finske albumlista 2[36]
Tyskland Media Control Charts 8[37]
Nederland MegaCharts 9[38]
New Zealand RIANZ 8[39]
Noreg VG-lista 9[40]
Sverige Sverigetopplistan 6[41]
Storbritannia Offisiell albumliste 3[15]
USA Billboard 200 14[42]
Land Liste (2010) Plassering
Hellas IFPI Hellas 39[43]
Land Liste (2012) Plassering
Sverige Sverigetopplistan 34[41]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1983) Plassering Album
«Flight of Icarus» Irish Singles Chart 14[44] Piece of Mind
UK Singles Chart 11[15]
«The Trooper» Irish Singles Chart 12[44]
UK Singles Chart 12[15]
Singel Liste (1990) Plassering Album
«Flight of Icarus/The Trooper» UK Albums Chart[merk 1] 7[15]
Singel Liste (2005) Plassering Album
«The Trooper» (live) Canadian Singles Chart 5[45] Death on the Road
Den danske singellista 7[46]
Den finske singellista 5[47]
Den franske singellista 100[48]
Irish Singles Chart 16[44]
Den italienske singellista 8[49]
Den spanske singellista 1[50]
Sverigetopplistan 5[51]
Den sveitisiske singellista 61[52]
UK Singles Chart 5[53]
Singel Liste (2006) Plassering Album
«The Trooper» (live) Den spanske singellista 10[50] Death on the Road

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Salstrofé Salstal År
Canada 2× Platina[54] 200,000+ 2006
Finland Gull[55] 25,000+ 1990
Tyskland Gull[56] 250,000+ 1996
Storbritannia Platina[20] 300,000+ 1995
USA Platina[57] 1,000,000+ 1986

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Piece of Mind. Iron Maiden. EMI. 16 May 1983. 
  2. Wall 2004, s. 233.
  3. 3,0 3,1 Wall 2004, s. 246.
  4. 4,0 4,1 «Piece Notes». Piece of Mind. Iron Maiden. EMI. 1998. s. 2. 
  5. 5,0 5,1 Wall 2004, s. 247.
  6. 6,0 6,1 6,2 Wall 2004, s. 244.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 «Under the Influence». Classic Rock presents Iron Maiden: From the East End to the World: 16–17. 2014. 
  8. «Iron Maiden Like You've Never Heard Them Before!». Blabbermouth.net. 20 July 2009. Henta 22. august 2016. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Huey, Steve. Piece of MindAllmusic. Henta 26 June 2011.
  10. Touchard, Philippe (December 1983). «Bruce Dickinson interview». Enfer Magazine (8). 
  11. Doran, John (2005). «Brain Damage». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 134–135. 
  12. Popoff, Martin (1 November 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 171. ISBN 978-1-894959-31-5. 
  13. Bonutto, Dante (19 May 1983). «Iron Maiden Piece of Mind». Kerrang! 42. London, UK: Spotlight Publications Ltd. s. 15. 
  14. 14,0 14,1 Stagno, Mike (9 June 2006). «Iron Maiden – Piece of Mind». Sputnikmusic. Henta 22. august 2016. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 «Iron Maiden – UK Chart History». Official Charts Company. Henta 23 November 2012. 
  16. Wall 2004, s. 265.
  17. «Artist Chart History – Iron Maiden». Billboard. Nielsen Business Media, Inc. Henta 22. august 2016. 
  18. «Heavyweight Champs of the '80s». Billboard 97 (17): HM-13. 27 April 1985. 
  19. Grein, Paul (13 December 1986). «Boston Certs Sweep Ties Record». Billboard 98 (50): 4. Henta 22. august 2016. 
  20. 20,0 20,1 «BPI: Certified Awards Search». British Phonographic Industry. Henta 22. august 2016. 
  21. Thompson, Ed (19. januar 2007). «Top 25 Metal Albums». IGN. Henta 22. august 2016. 
  22. Piece of Mind Remastered. Iron Maiden. EMI. 1998. 
  23. «Maiden United – Acoustic Tribute To Iron Maiden To Release Debut Album in December; Members of Threshold, Within Temptation, The Gathering Featured». Brave Words & Bloody Knuckles. 13 October 2010. Henta 22. august 2016. 
  24. «Kerrang! The making of Maiden Heaven». Kerrang!. 122. august 2016. Henta 22. august 2016. 
  25. «Sentenced – The Trooper (EP)». Metal Storm. Henta 24. august 2016. 
  26. «Iced Earth – Dystopia Tour Edition To Be Available at Merch Stands on Nord-Amerikan Tour». Brave Words & Bloody Knuckles. 14 June 2011. Henta 24. august 2016. 
  27. «A Call to Irons – A Tribute to Iron Maiden». Amazon.com. Henta 24. august 2016. 
  28. «Stryper: The Covering Album Pushed Back To Early 2011». Blabbermouth.net. 24 October 2010. Henta 24. august 2016. 
  29. Rivadavia, Eduardo. «Hellsongs – Hymns in the Key of 666». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016. 
  30. «Fozzy – Happenstance». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016. 
  31. «Fozzy – Fozzy». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016. 
  32. Pretorius, Neil. «Týr Valkyrja review». About.com. Henta 24. august 2016. 
  33. «Deliverance: New Album To Include Cover Of Iron Maiden's 'Where Eagles Dare'». Blabbermouth.net. 11 November 2013. Henta 24. august 2016. 
  34. «Sonata Arctica- 'Die With Your Boots On'». Last.fm. Henta 24. august 2016. 
  35. «Iron Maiden – Piece of Mind (Album)». Ö3 Austerrike Topp 40. AustrianCharts.at. Henta 24. august 2016. 
  36. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  37. «Iron Maiden, Piece of Mind». Media Control Charts (på German). charts.de. Henta 24. august 2016. 
  38. «Iron Maiden – Piece of Mind (album)». MegaCharts (på nederlandsk). Dutchcharts.com. Henta 22. august 2016. 
  39. «Iron Maiden – Piece of Mind (album)». Recording Industry Association of New Zealand. Charts.org.nz. Henta 22. august 2016. 
  40. «Iron Maiden – Piece of Mind (Album)». VG-lista. Norwegiancharts.com. Henta 24. august 2016. 
  41. 41,0 41,1 «Iron Maiden – Piece of Mind (Album)». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 24. august 2016. 
  42. «Iron Maiden – Piece of Mind Billboard Albums». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 22 November 2012. 
  43. «Iron Maiden – Piece of Mind (album)». IFPI Hellas. Greekcharts.com. Arkivert frå originalen 23 October 2013. Henta 22. august 2016. 
  44. 44,0 44,1 44,2 «Search the Charts». Irish Recorded Music Association. Irishcharts.ie. Henta 1 October 2011. 
  45. «Iron Maiden Billboard Singles». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016. 
  46. «Iron Maiden – 'The Trooper' (song)». Tracklisten. Danishcharts.com. Henta 22. august 2016. 
  47. «Iron Maiden – 'The Trooper' (song)». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. Henta 22. august 2016. 
  48. «Iron Maiden – 'The Trooper' (chanson)». Syndicat National de l'Édition Phonographique (på French). Lescharts.com. Henta 22. august 2016. 
  49. «Iron Maiden Songs». Federazione Industria Musicale Italiana. Italiancharts.com. Henta 24. august 2016. 
  50. 50,0 50,1 «Iron Maiden – 'The Trooper' (Song)». Productores de Música de España. Spanishcharts.com. Henta 22. august 2016. 
  51. «Iron Maiden – 'The Trooper' (live 2003) (song)». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 22. august 2016. 
  52. «Iron Maiden – 'The Trooper'». Hitparade. Henta 24. august 2016. 
  53. «UK Singles Chart- 27. august 2005». Official Charts Company. Henta 24. august 2016. 
  54. «Gold & Platina Certification». Canadian Recording Industry Association. October 2006. Henta 22. august 2016. 
  55. «Iron Maiden Tilastot» (på Finnish). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 22. august 2016. 
  56. «Gold-/Platin-Datenbank ('Peace of Mind')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  57. «RIAA Gold & Platina Searchable Database». Recording Industry Association of America. Henta 23 February 2009.