Pielisjärvi
| Pielisjärvi | |||
| innsjø | |||
Utsyn over Pielisjärvi | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Tilsig | Koitajoki & Lieksa elv | ||
| Utløp | Pielis elv | ||
| Nedslagsfelt | 13 900 km² | ||
| Høgd over havet | 94 moh. | ||
| Lengd | 107 km | ||
| Breidd | 43 km | ||
| Areal | 894,21 km² | ||
| Middeldjupn | <10 m | ||
| Koordinatar | |||
| Øyar | 1 259 | ||
| Byar | Nurmes | ||
![]() Pielisjärvi 63°15′04″N 29°41′58″E / 63.2509795°N 29.6993748°E | |||
| Wikimedia Commons: Pielinen | |||
Pielisjärvi eller Pielinen er den femte største innsjøen i Finland med eit areal på 894,21 km². han ligg i området Norra Karelen i ei høgd på om lag 94 meter over havet. Innsjøen har ei lengd på 107 km, og er 43 km på det breiaste.
Tilsigsområdet til innsjøen er på 13 900 km², der om lag 6 000 km² ligg på den russiske sida av grensa. Innsjøen vart isfri for om lag 9600 år sidan, og i starten rann vatnet ut i den nordlege enden, men på grunn av landhevinga etter den siste istida rann vatnet seinare ut i dei midtre delane av innsjøen, og seinare i dei sørlege delane gjennom elva Pielis.
Heilt nord i innsjøen ligg byen Nurmes. Koli nasjonalpark ligg langs vestsida av innsjøen, og tettstaden Lieksa på austsida.
Asteroiden 1536 Pielinen er kalla opp etter innsjøen.

