Pierre Brassau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter (alias «Pierre Brassau») i 1964.

Pierre Brassau var ein sjimpanse som i 1964 vart brukt i ein spøk gjennomført av Åke «Dacke» Axelsson i den svenske tabloidavisa Göteborgs-Tidningen. Axelson kom på ideen å stille ut ein serie måleri framstilte av ein ikkje-menneskeleg primat, i dette tilfellet ein sjimpanse. Utstillinga gav seg ut for å presentere verk av ein inntil då ukjend fransk kunstnar med namnet «Pierre Brassau». Målet med utstillinga var å prøve ut om kunstkritikarar var i stand til å sjå skilnaden mellom eit verkeleg modernistisk avant-garde måleri og arbeidet til ein sjimpanse.[1]

«Pierre Brassau» var i verkelegheita den fire år gammal sjimpansen Peter i Borås dyrepark.[2] Axelsson overtalte den 17 år gamle dyrepassaren til å gje Peter måling og ein pensel. Etter at Peter hadde laga fleire måleri, plukka Axelsson ut dei fire beste, og fekk dei utstilte i Gallerie Christinae i Göteborg.[1] Kritikarar roste arbeida. Rolf Anderberg i Göteborgs-Posten skreiv dette: «Brassau målar med  fyldig, bestemt og kresen pensel-føring. Han er ein kunstnar som målar med ein ballettdansars ynde og finfølelse».[treng kjelde]

Etter at spøken vart avslørt, insisterte Rolf Anderberg på at Peter/Pierre sine måleri var «dei beste i heile utstillinga.» Ein privat samlar kjøpte eitt av verka for 90 USD, som tilsvarer 473 USD i 2014.[1]

I 1969 vart Peter overført til Chester Zoo i England.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Pierre Brassau, Monkey Artist». The Museum of Hoaxes. 
  2. «Zoo Story». Time. February 1964. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]