Pierre Joseph Proudhon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pierre Joseph Proudhon
Proudhon och hans barn av Gustave Courbet

Pierre-Joseph Proudhon (18091865) var ein fransk sosialistisk tenkjar. Han høyrde til den anarkistiske retninga i den tidlege sosialismen. Proudhon blei fødd i Besanqon, og foreldra var småbønder og handverkarar. Proudhon sitt politiske syn var truleg mykje prega av denne oppveksten med hardt arbeid, men på eigen gard eller i sin eigen verkstad, mens ein arbeider med sine eigne reiskapar, utan ein herre over seg.

I 1840 gav Proudhon ut skriftet som gjorde han namngjeten blant radikale i Europa. «Qu'est ce que la propriete?», «'Kva er eigedomen?'». Svaret hans var at eigedom er tjuveri, så sant dei som arbeider ikkje eig sine eigne produksjonsmiddel, og i fritt samvirke byggjer eit nytt samfunn utan kapitalistar. Proudhon ville også avskaffe øverheita, den statsmakta som stod over det arbeidande folket. Friviljuge samband mellom likestilte arbeidarar, bønder og handverkarar skulle erstatte staten. Dette kalla Proudhon anarkisme.

I boka Systemet med økonomiske motseiingar, eller elendets filosofi frå 1846 følgde han opp tankane sine. Han starta også fire aviser, som alle blei forbodne av styresmaktene. I 1849 blei han dømd til tre års fengsel for å ha fornærma statssjefen, Louis Napoleon. Den Folkebanken Proudhon hadde starta gjekk i oppløysing mens han sat i fengsel. Dette var ein samvirkebank for gjensidig kreditt mellom produsentane, noko Proudhon meinte som ei undergraving av det kapitalistiske systemet, og hadde 27.000 medlemer.

I 1858 gav Proudhon ut verket Om rettferda i revolusjonen og kyrkja. Han blei tiltala for åtak på kyrkja og staten og dømd på ny, til fem år i fengsel. Men no rømte han til Belgia, og unngjekk med det straffa. I 1862 vende han tilbake til Paris, der han levde dei siste åra av livet sitt. Han var aktiv i samfunnsdebatten og tok opp mange emne. Proudhon sine tankar hadde ei tid stor oppslutning i den Første Internasjonalen, og han er rekna som ein av dei store anarkistiske tenkjarane i historia.