Pierre Louis Dulong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pierre Louis Dulong

Fødd12. februar 1785
Rouen
Død19. juli 1838 (53 år)
Paris
NasjonalitetFrankrike
Yrkefysikar, kjemikar, professor
InstitusjonarÉcole normale supérieure
École nationale vétérinaire d'Alfort
École polytechnique
Faculté des sciences de Paris
Alma materÉcole polytechnique
Faculté de médecine de Paris
Lycée Pierre-Corneille
BarnAlexis Dulong
MedlemRoyal Society
Société philomathique de Paris
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Académie nationale de médecine

Pierre Louis Dulong (12. februar 178519. juli 1838) var ein fransk fysikar og kjemikar, lege, og seinare lærer i fysikk og kjemi ved ulike vitskaplege institusjonar i Paris.

Frå 1830 var han direktør for École polytechnique. Han arbeidde med varmefenomen, som utvidinga til lekamar, avkjøling, varmekapasitet, damptrykket til vassdamp og anna. Han fann, saman med kollegaen sin Alexis Thérèse Petit, Dulong-Petit-lova. Dulong oppdaga det særs eksplosive nitrogenkloridet (1811), noko som kosta han eit auge og fleire fingrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]