Pierre Moerlen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pierre Moerlen
Fødd23. oktober 1952
FødestadColmar
Død3. mai 2005 (52 år)
DødsstadColmar
FødenamnPierre Jean Moerlen
OpphavFrankrike
Instrumenttrommesett
Verka somkomponist, jazzmusikar, perkusjonist

Pierre Moerlen (23. oktober 19523. mai 2005) var ein fransk trommeslagar og perkusjonist, mest kjend for arbeidet sitt med Gong og Mike Oldfield, i tillegg til Pierre Moerlen's Gong.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Pierre Moerlen vart fødd i Colmar (Haut-Rhin) den 23. oktober 1952, som det tredje av fem barn. Faren var organist og mora var musikklærar. Alle fem syskena lærte musikk med foreldra og vart musikarar. Den yngre broren til Pierre, Benoît Moerlen, er òg perkusjonist og har òg arbeidd med Gong og Mike Oldfield).

Pierre reiste til Strasbourg for å lære perkusjon hos Jean Batigne, som skipa Les Percussions de Strasbourg. Han var òg medlem av to jazzrokband, mellom anna Hasm Congélateur (med den framtidige Magma-gitaristen Gabriel Federow).

I januar 1973 vart Moerlen med i Daevid Allen sitt Gong, og debuterte på albumet Angel's Egg (1973). I juni 1973 vart han spurt av sjefen i Virgin Records, Richard Branson om å spele perkusjon med Mike Oldfield for premieren av Tubular Bells (1973), og erstatta Robert Wyatt. Steve Hillage, gitarist i Gong, tok òg del. Mellom 1975 og 1987, frå og med Ommadawn (1975), spelte Moerlen perkusjon for Oldfield.

Moerlen slutta og kom attende til Gong fleire gonger for å turnere med Les Percussions de Strasbourg, og sjølv om han spelte inn You (1974) med gong slutta han like før turneen for albumet byrja.

Sommaren 1975, då Daevid Allen hadde slutta, vart han spurt å kome attende å leie bandet i lag med Didier Malherbe og Steve Hillage, som sjølv slutta kort tid etter og berre var med på eit par spor på det neste albumet Shamal (1976). Ei rekkje bessetningsendringar førte til Gazeuse! (1976) med Allan Holdsworth på gitar, før Malherbe slutta, og Moerlen vart den einaste som var attende frå den «klassiske» Gong-besetninga. Han brukte namnet på det neste albumet Expresso II (1978), men for å unngå forveksling med bandet sine konsertar vart dei ofte annonserte som Gong-Expresso. Sidan dette framleis ikkje var tydeleg nok, vart namnet Pierre Moerlen's Gong (PMG) nytta frå 1978. På dette tidspunktet spelte bandet jazzfusion og ikkje lenger Canterbury scene-påverka psykedelia. PMG gav ut Downwind (1979), Time is the Key (1979), Pierre Moerlen's Gong Live (1980) og Leave It Open (1980). I denne perioden turnerte Moerlen òg mykje med Mike Oldfield.

PMG gav seg i 1981. Seinare det året vart Moerlen ei kort stund med i Magma som trommeslagar nummer to. Etter 10-årsjubileumsturneen til Mike Oldfield i 1983, vart han med i det svenske progressive og symfoniske bandet Tribute (1985–87).

PMG kom saman att for to album og turnear seint i 1980-åra. Etter fleire år som musikar i orkestergrava på ymse musikalar, kom Moerlen attende i aktiv teneste i 1997, då han vart med den britiske jazzrockgruppa Brand X for ein internasjonal turné. Seinare det året vart han spurt om å bli med i Gong att og turnnerte med bandet til 1999. Han sete så saman ei ny besetning PMG. Dei gav ut konsertalbumet Pentanine (2004), spelt inn i Moskva i 2002.

Pierre Moerlen døydde brått 3. mai 2005, berre 52 år gammal, av naturlege årsaker.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Gong[endre | endre wikiteksten]

Med Pierre Moerlen's Gong[endre | endre wikiteksten]

Med Mike Oldfield[endre | endre wikiteksten]

Med andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]