Pierre Quinon
Pierre Quinon | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 20. februar 1962 3rd arrondissement of Lyon |
Død | 17. august 2011 (49 år) Hyères |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1984 |
Pierre Quinon (20. februar 1962–17. august 2011) var ein fransk friidrettsutøvar frå Lyon som tevla i stavsprang. Han vart olympisk meister i øvinga i 1984. Quinons personlege rekord var på 5,90 m og oppnådd i 1985, ti centimeter under den dåverande verdsrekorden.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Quinon sette ny verdsrekord i stavsprang 28. august 1983 i Köln, då han gjekk over 5,82 meter, ein centimeter høgre enn Vladimir Poljakov sin rekord. Hans tid som verdsrekordhaldar varte i berre fire dagar. Landsmannen Thierry Vigneron forbetra rekorden med eit hopp på 5,83 meter i Roma den 1. september
Quinon vart olympisk gullmedaljør i stavsprang under OL 1984 i Los Angeles. Han svinga seg over 5,75 m, ti centimeter høgre enn Mike Tully frå USA, som kom på andre plass. Earl Bell frå USA og Thierry Vigneron delte tredjeplassen med 5,60 m. Dette var einaste gongen Quinon hevda seg i dei store internasjonale meisterskapane.
Han la opp som som stavhoppar i 1993, og dreiv sidan i restaurantnæringa i Sør-Frankrike.
Quinon tok sitt eige liv i Hyères den 17. august 2011, 49 år gammal.[1]
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1984 i Los Angeles: Gullmedalje - 5,75 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pierre Quinon» frå Wikipedia på bokmål, den 13. august 2012.
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Pierre Quinon» (på engelsk). olympedia.org. Henta 19. februar 2023.
- (en) Pierre Quinon – Profil på nettsida til IAAF
- (en) Pierre Quinon – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- Biografi - Det franske friidrettsforbundet.