Piet Keizer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Piet Keizer

Piet Keizer 1971.jpg
Piet Keizer i 1971

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 14. juni 1943
Amsterdam
Død

10. februar 2017 (73 år)
Amsterdam

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1974

Peter Johannes Keizer, kjend som Piet Keizer, (14. juni 19439. februar 2017) var ein nederlandsk fotballspelar frå Amsterdam. Han var angrepsspelar og med om å vinne europacupen tre år i rad med Ajax, i 1974 fekk han VM-sølv med Nederland i VM i fotball.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Keizer var ein av Nederlands absolutt beste fotballspelarar i 1960-åra og på tidleg 1970-tal. Han fekk sin debut med topplaget Ajax Amsterdam i 1961. Som ytre venstre fekk han eit særleg lyft då den brilliante Johan Cruijff kom inn i laget. Fagbladet France Football har peika på den offensive styrken til Keizer, Cruijff og Sjaak Swart i perioden 1964-73. Bladet heldt angrepstrioen fram som den mest revolusjonerande av dei seks ypparste angrepstrioane i verda etter andre verdskrigen.

Keizer vann seks seriemeisterpokalar og fem nasjonale cup-titlar for Ajax. Frå 1971 til 1973 sigra han og laget årleg i europacupen for serievinnarar. Han spelte 365 kampar for laget.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Keizer deltok frå 1962 til 1974 i 34 landskampar for Nederland. Han skåra 11 landslagsmål. Under VM i fotball 1974 var han innbytar einast i kampen mot Sverige, hans siste i landslagstrøya.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-sølv: 1974 med Nederland
  • Vinnar av Europacupen: 1971, 1972, 1973 for Ajax Amsterdam
  • Seriemeister: 1966, 1967, 1968, 1970, 1972, 1973 for Ajax Amsterdam (6)
  • Nasjonal cupmeister: 1961, 1967, 1970, 1971, 1972 for Ajax Amsterdam

Kjelder[endre | endre wikiteksten]