Pietro Anastasi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pietro Anastasi
Fødd 7. april 1948
Fødestad Catania
Død 17. januar 2020
Dødsstad Varese

Pietro Anastasi (7. april 194817. januar 2020) var ein italiensk fotballspelar som spela midtspiss frå CataniaSicilia. Han vart europameister for Italia i 1968, og trefaldig seriemeister med Juventus, ein klubb som han også vann eit cupgull med.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha spela for Serie D-klubben Massiminiana i heimbyen fekk Anastasi kontrakt med Varese i 1966, ein klubb som då deltok i Serie B. Varese rykte opp i Serie A året etter. Sommaren 1968 vart han overført til Juventus for 650 millionar lire. Gjennom åtte sesongar med Torino-klubben var han med å vinne tre seriemeisterskap; 1972, 1973 og 1975. I 1976 gjekk han over til Inter, ein klubb han spela for i to sesongar og som han vann sitt einaste cup-gull med. Tida 1978-81 var han i Ascoli si teneste, før han avslutta fotballkarrieren med ein sesong i sveitsiske FC Lugano. Han spela i alt 338 serie A-kampar, og skåra 105 mål i dei kampane.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Anastasi debuterte for Italia i finalen i EM i fotball den 8. juni 1968, ein kamp som enda uavgjort 1-1 mellom Italia og Jugoslavia. To dagar seinare var det klart for omkamp, der Anastasi var mellom dei som fekk tillit på ny. I den kampen skåra Anastasi og Italia vann EM-tittelen etter siger 2-0. Han fekk ikkje plass i VM-troppen i 1970, men deltok i VM 1974. Hausten 1975 spela han sin 25. og siste landskamp. Han skåra åtte mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull 1968 for Italia
  • Italiensk seriemeister 1972, 1973 og 1975 med Juventus
  • Italiensk cupmeister 1978 med Inter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]