Pietro Longhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, ca 1759
Nasehornet Clara under karnevalet i Venezia, 1751

Pietro Longhi, opphavleg Pietro Falca, (5. november 17028. mai 1785) var ein målar frå Venezia, aktiv under den venetianske rokokkoen. Han måla freskar, altarbilete, portrett samt sjangerscener frå det samtidige Venezia.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Longhi gjekk fyrst i lære hos Antonio Balestra, ein målar frå Verona som hadde arbeidd i lag med Carlo Maratta i Roma. Longhis tidlege måleri, som altarbiletet i San Pellegrino-kyrkja ved Verona, var påverka av den seinbarokke stilen som læremeistrane hans nytta. Sameleis er det med hans fyrste større oppdrag for ein kar som høyrde til den venetianske adelen; freskoen i Palazzo Sagredo over temaet kjempers fall. Dei mektigaste familiane i Venezia var seinare hans viktigaste oppdragsgjevarar. Longhi tok sitt nye etternamn då han i 1733 vart medlem av målarlauget i Venezia.

Seinare fekk han bolognesaren Giuseppe Maria Crespi til læremeister, noko som hadde varande verknad på Longhi. Crespi hadde frigjort seg frå den akademiske tradisjonen, Longhi gjekk då sjølv i gang med nye måleteknikkar og tema. Religiøse tema forma han som sjangermåleri, til dømes Dei sju sakramenta. Sjangerbileta, med sine nøyaktige, av og til humoristiske eller lett ironiske skildringar av det venetianske selskapslivet, er ikkje berre fyrsterangs kjelder til den lokale kulturhistoria, men framhevar seg også med særleg delikate fargar. Longhi sine små måleri var populære i samtida.

I tillegg måla Longhi talrike gruppe- og einskildportrett på oppdrag av og for den venetianske adelen. Frå 1756 til 1780 underviste han ved 'Accademia di pittura e scultura' i Venezia, han var leiar for skulen frå 1763.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]