Pietro Mennea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pietro Mennea
Pietro Paolo Mennea.JPG
Pietro Mennea vinn eit løp i Viareggio i 1972
Fødd 28. juni 1952
Barletta
Død

21. mars 2013 (60 år)
Roma

Yrke advokat, politikar, sprintar, friidrettsutøvar
Pietro Mennea på Commons

Pietro Paolo Mennea (28. juni 195221. mars 2013) var ein italiensk friidrettsutøvar og politikar frå Barletta i Puglia. Han vann EM-gull på 200 meter i 1974 og på både 100 m og 200 m i 1978. I 1980 vart han olympiameister på 200 m i Moskva. Til saman vann han 11 medaljar i ulike EM, OL og VM i tida 1971-83. Han sette verdsrekord på 200 meter med 19,72 sekundar i 1979, ein rekord som stod seg i 17 år.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Gjennom 1971-sesongen byrja Mennea å nærme seg europatoppen i sprint, med personleg rekordar på 10,2 sekundar på 100 meter og 20,7 på 200 m. Han fekk sin internasjonale meisterskapsdebut under EM 1971 i Helsinki, der han vart nummer seks på 200 m og var med på Italia sitt bronselag på 4 x 100 meter stafett. I OL-sesongen 1972 slo han seg inn i verdseliten, forbetra sine bestetider til 10,0 og 20,2. Og under Sommar-OL 1972 i München tok han bronsemedaljen på 200 meter.

To år seinare vann han gullmedaljen på 200 meter under friidretts-EM i Roma. I tillegg tok han sølv på både 100 meter og på kortstafetten. Etter å ha vore skadd delar av 1976-sesongen, bestemte han seg for å stå over i OL i Montreal. Etter innstendige oppfordringar valde han å delta, og kom på fjerdeplass på 200 meter og på 4 x 100 m stafett.

Under EM i friidrett 1978 i Praha vann Mennea både 100 og 200 meter. På 200 meter var han heilt suveren med tida 20,16 sekundar, andremann, Olaf Prenzler frå DDR, vart klokka inn på 20,61.

Tidleg i september 1979 sette Mennea italiensk rekord på 100 meter i tynnlufta i Mexico-byen, tida 10,01 sekundar er landsrekord også i 2015. Den 12. september 1979 deltok Mennea på 200 meter i universiaden, som då gjekk av stabelen i Mexico-byen. Vinnartida 19,72 sekundar var ny verdsrekord, ein rekord som vart ståande i heile 17 år, inntil Michael Johnson forbetra han under OL 1996 i Atlanta. Mennea slo andremann i unversiaden med over eit halvt sekund og tredjmann med sju tidels sekund.

Under OL 1980 i Moskva vart Mennea olympisk meister på 200 meter. Etter ein strålande finish slo han skotten Allan Wells i finalen med fattige to hundredels sekund; 20,19 mot 20,21.

Menna gjorde comeback og tok bronse på 200 m under VM 1983 i Helsinki. Under OL 1984 i Los Angeles vart Mennea den fyrste utøvaren som deltok i fire OL-finalar på rad på 200 meter, der han kom på sjuandeplass. Etter å ha lagt opp enno ein gong, gjorde han nok eit comeback, men under Sommar-OL 1988 i Seoul vart han slått på 200 meter i forsøksløpa.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Frå 1999 til 2004 var Pietro Mennea representant i Europaparlamentet, vald for partiet Demokratane (I Democratici).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]