Pigg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pigg eller skarp er eit ord som vert brukt om dei spisse romma under dekk i endane på eit fartøy. Er rommet heilt framme på fartøyet vert det kalla ein forpigg og ligg mellom baugen og kollisjonsskottet. Som regel vert dette brukt som ein vasstank, då kalla forpiggtank, men på seglbåtar er det gjerne nytta som lugarar for overnatting. Er det heilt akter på eit fartøy vert det kalla ein akterpigg eller akterskarp.

Ordet kjem av det engelske ordet peak for spiss eller topp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«akterskarp» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 19. juli 2020. «forpigg» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 19. juli 2020. «pigg - fartøy» i Store norske leksikon, snl.no.