Piggfinnefiskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piggfinnefiskar
Cikliden Pseudotropheus saulosi
Cikliden Pseudotropheus saulosi
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Bleeker, 1859
Gråsteinbit
Gul åbor

Piggfinnefiskar er ein orden ekte beinfiskar som omfattar over 7000 artar; rundt 40 % av alle fiskar ein kjenner til. 2000 av desse lever i ferskvatn, mellom anna åbor og dei fleste ciklidar. Elles held mesteparten av medlemmane i gruppa til i kystnært saltvatn. Gruppa er mellom dei yngste beinfiskane, og dukka opp i krittida. Det er usemje om systematikken hennar.

Namnet sitt har piggfinnefiskane fått på grunn av dei spisse finnestrålene mange av dei har fremst på rygg- og gattfinnane sine. Det er som regel to ryggfinnar. Bukfinnane består vanlegvis av ein pigg og opp til fem mjuke finnestrålar. Brystfinnane sit vanlegvis på sida av fisken, bak gjellene. Feittfinnar har dei ikkje.

29 familiar er registrerte i norske farvatn:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gjøsæter, Jacob: «Piggfinnefisker» i Norges dyr (Cappelen 1992)
  • Moen, Frank Emil & Svensen, Erling (2003): Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna
  • Perciformes på FishBase