Piggtråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Piggtråd i Nepal.
Forskjellige typar piggtråd.
Rusten piggtråd.
Piggtrådsperring ved Høytorp fort

Piggtråd er gjerdetråd av ståltråd med spisse piggar som stikk ut. Typen som er i allmenn bruk i dag blei patentert i USA i 1874. Piggtråd blir laga i mange variantar, alt frå «barberblad-utføring» til den eldre og meir brukte typen. Piggtråd er ofte brukt på høge gjerde og finst i hovudsak rundt industribygg, militære område og i samband med gardsbruk.

Bruken av piggtråd er lovregulert i Noreg (Lov om dyrevern). I 2010 blei det innført eit absolutt forbod mot piggtråd i gjerde sett opp for å regulera ferdselen til dyr.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste patentet på piggtråd blei gjeve i USA i 1867 til Lucien B. Smith frå Kent i Ohio.[2] Smith er dermed rekna som opphavsmannen til oppfinninga.[3][4] Joseph F. Glidden frå DeKalb i Illinois fekk patent på den moderne utforminga i 1874[5] etter å ha forbetra den tidlegare modellen.

Piggtråd var den fyrste ståltrådteknologien som kunne sperra inne storfe. Ståltrådgjerde er billigar og lettare å setja opp enn alternativa,[6] og då slike gjerde blei tilgjengelege i USA seint på 1800-talet blei det overkommeleg å gjerda inn større område enn tidlegare. Dette gjorde at ein kunne halda store storfeflokkar meir intensivt enn ein hadde gjort tidlegare.

Ein kan også bruka piggtråd som hinder på ei slagmark. Piggtråd blei fyrst brukt i militær samanheng av spanske styrkar på Cuba under den spansk-amerikanske krigen i 1898.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «piggtråd». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. oktober 2021. 
  2. first patent in the United States for barbed wire
  3. «The American Experience Technology Timeline: 1752 - 1990». The American Experience. Public Broadcasting Systems. 2000. Arkivert frå originalen 7. februar 2009. Henta 28. januar 2009. 
  4. «Lucien B. Smith». Ohio History Central. Ohio Historical Society. 31. juli 2006. Arkivert frå originalen 2007-10-03. Henta 28. januar 2009. 
  5. patent for the modern invention
  6. Carlisle, Rodney (2004). Scientific American Inventions and Discoveries. New Jersey: John Wiley & Songs, Inc. s. 241. ISBN 978-0-471-24410-3. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Henry D. and Frances T. McCallum. The Wire that Fenced the West. Norman: University of Oklahoma Press, 1965. LoC: 65-11234.
  • Olivier Razac. Barbed Wire: A Political History, W. W. Norton & Company, 2003, ISBN 1-56584-812-8
  • Biografi om John W. Gates, en pionér som monopoliserte industrien med The American Steel and Wire Company