Pigne d'Arolla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pigne d'Arolla
fjell
Nordveggen
Land  Sveits
Kanton Valais
Fjellkjede Wallis-Alpane
Høgd 3 796 moh.
Primærfaktor 249 m ↓  mot La Ruinette
Koordinatar 45°59′28″N 7°27′18″E / 45.99111°N 7.45500°E / 45.99111; 7.45500
Førstestiging Adolphus Moore
 - dato 9. juli 1865
Kart
Pigne d'Arolla
45°59′28″N 7°27′18″E / 45.991111111111°N 7.455°E / 45.991111111111; 7.455
Wikimedia Commons: Pigne d'Arolla

Pigne d’Arolla er eit 3 796 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, nær Arolla og grensa mot Italia. Fjelltoppen ligg i kantonen Valais.

Fjellet vart klive fyrste gongen den 9. juli 1865 av Adolphus Moore, Horace Walker og fjellføraren Jakob Anderegg.

Oppstiginga langs normalruta går frå nord frå Cabane des Dix øvst i dalen Val d’Hérémence (fire timar), og frå aust frå Cabane des Vignettes øvst i Val d’Arolla (tre timar).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]