Pigs on the Wing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pigs on the Wing
Song av Pink Floyd
frå albumet Animals
Utgjeve
  • 23. januar 1977 (Storbritannia)
  • 2. februar 1977 (USA)
Innspelt November 1976
Sjanger Folkrock
Lengd
  • 2:48 (totalt)
  • 1:24 (kvar)
  • 3:26 (8-sporsversjonen)
Selskap
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Pink Floyd

«Pigs on the Wing» er ein todelt song av det britiske rockebandet Pink Floyd frå albumet Animals frå 1977. Songen opnar og avsluttar albumet.[1] I følgje forskjellige intervju vart han skriven av Roger Waters som ei kjærleikserklæring til den nye kona si, Carolyne Christie. Songen er heilt annleis dei andre tre songane på albumet, «Dogs,» «Pigs» and «Sheep», som er mørke, medan denne har eit lysare tema, i tillegg til at han er kortare, der kvar del er mindre enn eitt og eit halv minutt, medan dei andre er minst ti minuttar lange.[1]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen er delt i to delar, som er det første og siste sporet på albumet.[1] Begge står i sterk kontrast til dei tre misantropiske songane i midten og føreslår at kameratskap kan hjelpe oss å sigre over feila våre. Waters refererer tilsynelatande til seg sjølv som ein «hund» i Part 2:[2] «Now that I've found somewhere safe to bury my bone/And any fool knows, a dog needs a home/A shelter, from pigs on the wing.» Ein annan indikasjon finn ein i linja «So I don't feel alone, or the weight of the stone,» som refererer attende til hunden som vert «dragged down by the stone.» Utan dette sporet på Animals, meinte Waters at albumet «berre hadde blitt eit slags skrik i sinne.»[2]

I følgje Nick Mason, og stadfesta av Waters, er det ein kjærleikssong skriven for den nye kona til Waters på denne tida. I følgje Mason var ho den einaste av venene til Waters som kunne halde stand mot Waters i ein diskusjon. Mason meinte ein måtte vere særs flink å snakke for å seg for å vinne ein diskusjon med Waters. Waters skreiv songen fordi han hadde leita etter noko som kunne stå opp mot han, ein likemann.[3]

Songane består berre av ein akustisk gitar og vokal av Waters.[1]

Ein spesialversjon av songen vart laga for 8-sporskassett-utgåva. 8-sporsfomatet hadde ein sløyfe-funksjon der slutten av kassettbandet gjekk attende til byrjinga att, slik at albumet kunne spelast kontinuerleg utan at ein trengde å snu bandet. For å utnytte dette, vart det laga ein spesialversjon som knytte part 2 og part 1 saman med ein gitarsolo,[4] spelt av Snowy White. han spelte seinare gitarsoloen på konsertane deira i 1977.[1] Den komplette versjonen av songen, med soloen, kom ut på Snowy White sitt samlealbum Goldtop i 1995.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I ei melding for Animals skildra Brice Ezell frå Consequence of Sound «Pigs on the Wing (Part One)» som «ein kort akustisk ramme. Akkordane i dur står i klår kontrast til dei mange sørgjelege riffa som utgjer landskapet på «Dogs», «Pigs (Three Different Ones)» og «Sheep».[5] Ezell skildra seinare «Part Two» som «ei påminning om at menneska finn måtar å halde saman på sjølv midt i uroa som finst i ei stakkarsleg kapitalistverd.»[5]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Mabbett 2010
  2. 2,0 2,1 Schaffner 2005, s. 217
  3. Schaffner 2005, s. 219
  4. 4,0 4,1 Schaffner 2005, s. 216
  5. 5,0 5,1 Ezell, Brice (29. mai 2017). «Pink Floyd’s Animals Pulls No Political Punches 40 Years Later». Consequence of Sound. Henta 13. juni 2019.