Hopp til innhald

Piita Irniq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piita Irniq
Fødd22. august 1947 (77 år)
Nunavut
Statsborgar avCanada
Yrkeskribent
Alle verv
  • Nunavuts kommissær Sjå dette på Wikidata

Piita Taqtu Irniq, tidlegare Peter Irniq, (fødd 22. august 1947) er ein inuittisk politikar i Canada. Han var den andre i stillinga commissioner of Nunavut frå april 2000 til april 2005.

Inuksuk reist av Piita Irniq til den permanent utstillinga The Ancient Americas ved The Field Museum

Irniq blei fødd i Lyon Inlet nær dåverande Repulse Bay i Nordvestterritoria (no Naujaat i Nunavut). Irniq er ein lærar inan inuittisk kultur som har budd det meste av livet i Kivalliq-regionen i Nunavut, mellom anna Naujaat, Coral Harbour, Baker Lake, Chesterfield Inlet, Rankin Inlet og Iqaluit. Han har også budd i Vest-Arktis (Nordvestterritoria), Manitoba og Ontario.

Irniq var eksekutiv assistent for assistent-kommisjonæren av Nordvestterritoria frå 1974 til 1975. I 1975 blei han folkevald for Nordvestterritoria og representerte Keewatin-regionen i fire år. Han var den fyrste inuitten til å bli assisterande regiondirektør for Department of the Executive i Keewatin-regionen (noverande Kivalliq), ei stilling han hadde frå 1979 til 1981.

Han blei oppsynsmann for fornybare ressursar, den fyrste inuitten som hadde denne stillinga, og oppmuntra til tilsetjing av inuittar i avdelinga. I 1982 blei Irniq utnemnd til formann (Speaker) for Keewatin Council, ei stilling han hadde til 1983. Han blei vald til leiar for Keewatin Inuit Association, og hadde stillinga i fem år.

Irniq blei gjenvald til tinget for Nordvestterritoria i 1987 for valdistriktet Aivilik. Han gjekk inn for å oppmuntra inuittar til å delta i høgare grad i arbeidsliv, utdanning og næringslivet. Han stilte igjen i 1991, men blei slått av James Arvaluk.

Irniq blei direktør for Inuit Cultural Institute i 1992. Eit år seinare blei han kommunikasjonsdirektør for Nunavut Tunngavik Incorporated.

Som medlem av Nunavut Implementation Commission var Irniq med i komiteane for Communication og Governmental Operations. Han var talsperson for Commission on Nunavut in Canada and overseas, og var aktiv involvert i å prøva å oppnå rettferd for tidlegare elevar ved Joseph Bernier residential school i Chesterfield Inlet som hadde opplevd fysisk og seksuelt misbruk frå tilsette.[1]

Irniq var assisterande direktør ved Nunavut, Heritage/Culture, Department of Education, Culture and Employment for styesmaktene i Nordvestterritoria, der han hadde ansvar for å utvikla kulturelle program og tenester for det nye territoriet Nunavut frå 1997 til 1998. Han var viseminister for Culture, Language, Elders and Youth i 1998–99. Mandatet hans var å verna om tradisjonell inuittisk kultur og språk.

I august 1999 blei Irniq send til Legislative Assembly of Nunavut for å skipa avdelingane for Official Languages, Access to Information og Conflict of Interest.[2] Frå april 2000 til april 2005 var han commissioner of Nunavut.

Irniq er også kjend for å skriva ei spalte kring inuittiske perspektiv for avisa Nunavut News/North.

I 2003 blei han utnemnd til Commander of the Order of St. John.[3] I 2005 blei han utnemnd til styret for Canadian Race Relations Foundation.[4] Han har også vore hovudkosulent for National Film Board of Canada sitt prosjekt Unikkausivut: Sharing Our Stories.[5]

  1. Index I, Rulers web pages, undated, retrieved on 2008-09-03.
  2. Gurston, Dacks (2009). «Irniq, Peter». The Canadian Encyclopedia > Biography > Commissioners. Historica-Dominion. Arkivert frå originalen 27. september 2017. Henta 3. oktober 2009. 
  3. Canada Gazette, 2003-05-23, Vol. 137, No. 21. Arkivert 2006-02-26 ved Wayback Machine. Retrieved on 2008-09-03.
  4. News Release "Appointment to Board of Directors of Canadian Race Relations Foundation", 2005-11-24, retrieved on 2008-09-03.
  5. «Collaborators». National Film Board of Canada website. Henta 2 January 2012. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]