Piknikkorg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Piknikkorg med lok.

Piknikkorg er ei korg som kan brukast til å ha med mat og utstyr til ein piknik. Ei piknikkorg, ofte fletta av vidje,[1] blir ofte sett på som nødvendig utstyr ved ein piknik.[2]

Pikknikkorga kan vera alt frå ei enkel korg med mat og utstyr ein har pakka heime, til ei spesiallaga korg med lok, oppbevaringsplassar og utstyr. Ei slik korg kan ha trygge plassar til varm og kald mat og drikke, piknikglas, tallerkar og bestikk festa med reimer og teppe til å sitja og servera maten på.[3] Velutstyrte korger kan også innehalde til dømes salt og pepar og skjerefjøler.[1]

Mange stader er det mogleg å kjøpa ei ferdig pakka piknikkorg.[4] I Storbritannia er særleg Fortnum & Mason blitt kjende som leverandørar av piknikkorger, ofte til prestisjetunge hendingar som Ascot-veddeløpa, Henley-regattaen, Wimbledon-tevlinga i tennis, cricket ved Lord's Cricket Ground eller rugby ved Twickenham Stadium.[5]

Mann på fisketur med ei piknikkorg som tydelegvis ikkje inneheldt boksopnar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Emma Henderson (24. mai 2017), «10 best picnic baskets», The Independent 
  2. Marnie Hanel; Andrea Slonecker; Jen Stevenson (7. april 2015). The Picnic: Recipes and Inspiration from Basket to Blanket. Artisan. ISBN 978-1-57965-608-9. 
  3. «An Heirloom Picnic Basket», The New York Times 
  4. Picnic Hampers, hamper.com, henta 15. juli 2017 
  5. Fortnum’s History, henta 5. august 2017