Pilea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pilea
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Neslefamilien Urticaceae
Slekt: Pilea
Lindl.

Pilea er ei planteslekt i neslefamilien. Ho omfattar rundt 400 artar i varme trakter av alle verdsdelar, men ikkje i Australia. Plantane i slekta har ikkje brennhår slik nesler av. Dei har motsette blad og små blomar. Desse sprer pollenet som ein røyk i lufta ved at pollenknappane plutseleg brest. Dette gjer at plantane også kan kallast kanonnesle.

Fleire artar frå slekta blir dyrka i drivhus og som stoveplantar. Pilea peperomioides, som også er kjend som kinesisk pengeplante, misjonærplante og elefantøyre, er eit døme på ein utbreidd stoveplante.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Pilea» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.