Pilegrimsleia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det offisielle merket som syner pilegrimsleiene til Trondheim og Nidaros domkyrkje.
Milestolpe for pilegrimsleia i Hamar

Pilegrimsleia i Noreg er eit moderne oppmerka nett av turvegar knytte til tradisjonen frå mellomalderen om å gå til fots på pilegrimsferd til Trondheim (Nidaros) som lekk i dyrkinga av Heilag-Olav. Leia er på til saman på 1200 km merka og tilrettelagde turvegar som går frå ulike utgangspunkt og fram til vestfronten av Nidaros domkyrkje, og er bunden saman av natur- og kulturminne som tidlegare har hatt religiøs meining[1]:

Arbeidet med kartfesting og merking av Pilegrimsleiene i Noreg, og naudsynleg rydding av vegfar som høyrer til leia, tok til i 1994, og vart førebels planlagt å vare fram til 2010. Leia frå Oslo til Trondheim og Stiklestad vart opna i 1997.

Statens kartverk har godkjend både Pilegrimsleia og Pilegrimsleden som skrivemåtar for stadnamnet i norsk.[2]

Kystpilegrimsleia[endre | endre wikiteksten]

Norskekysten var sjølvsagt ein viktig farveg til Nidaros, ettersom det stort sett var lettare å take seg fram i til sjøss enn over land i tidlegare tider. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta her, anten for å reise heile vegen til Nidaros, eller for å vitje mange av dei lokale pilegrimsmåla. Eit eige prosjekt kalla Kystpilegrimsleia har teke for seg denne sida av ferdsla til Nidaros og andre heilage stader i mellomalderen, og lagt til rette for moderne pilegrims-seglas.

Valfartsstaden Nidaros er omtalt i historiske kjelder allereie i 1075 – i Adam av Bremen sitt bokverk «Bremens Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificum»[3]. Her er også dei ulike pilegrimsrutene til Nidaros nemnt, mellom anna kystpilegrimsleia: «Viss ein seglar frå Ålborg eller Vendsyssel i Danmark, kjem ein i løpet av ein dag over til Viken, som er ein by i Noreg (truleg Oslo). Derfrå held ein til venstre og seglar langs Noregs kyst, og på den femte dagen når ein fram til byen Trondheim. Ein kan også reise ein anna veg, som fører frå danskane sitt Skåne over land til Trondheim. Men denne vegen over fjella tek lengre tid, og ettersom han er farefull, blir han unngått av reisande.» Sjøvegen – Kystpilegrimsleia – utgjorde såleis, ifølgje Adam av Bremen, den viktigaste mest brukte ferdselsåra til Nidaros, sjølv om også sjøvegen kunne vere farefylt, med skiftande vêr og piratar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Miljøstatus Norge, arkivert frå originalen 17. mars 2009, henta 6. september 2008 
  2. Statens kartverk[daud lenkje]
  3. Boka er omsett til norsk: Adam av Bremen: Beretningen om Hamburg stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden : Fra latin, med innledning, noter og register ved Bjørg Tosterud Danielsen og Anne Katrine Frihagen : Etterord ved Helge Ingstad. Oslo 1993. Aschehoug. ISBN 82-03-20028-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]