Pilegrimsleia over Dovrefjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pilegrimsleia over Dovre med Snøhetta i bakgrunnen.
Moderne pilegrimsvandrarar ved Vesle Hjerkinn på leia over Dovrefjell.

Pilegrimsleia over Dovrefjell utgjer ein del av mellomaldervegen frå Oslo til Trondheim, og inngår i det moderne oppmerka nettet av turvegar som vert kalla pilegrimsleiene.

Det er ingen som veit når denne leia først vart tatt i bruk, men den har truleg blitt nytta så lenge det har vore folk i landet. Snorres kongesoger fortel at Harald Hårfagre (850-933) kom over her med ein stor hær på slutten av 800-talet. Snorre fortel: «No samla dei to frendane ein stor hær og for først til Opplanda og så nord gjennom Gudbrandsdalen og derifrå nord over Dovrefjell. Da han kom ned i bygda, let han drepe alle menn og brenne bygda.». Pilegrimsferdene til Nidaros starta i 1030Olav den heilage vart drepen og heldt fram til ca 1536. Dronning Margrete av Danmark vart gift med Håkon Magnusson den 9. april i 1363, 10 år gamal, og fòr over fjellet til Nidaros i 1381. Jul Feltman skriv i 1734: «foor Dronningen med sit Følge wild paa Dofrefield i et taaget Wejr og kom endelig ned gjennem en Dal imellom Rise og Lo, som derfor endnu kaldes Dronning-Dalen». Fjellposten 23. februar 1907: «Den ældste vei over Dovrefjeld gik fra Gautaaen (søndenfor Hjerkinn), øst om Knutshø, fremover Risberget og ned til Rise».

På den siste del av turen ved garden Trengen passerer ein eit gamalt gravfelt frå ca. år 400 eller eldre. I Trengenområdet er det ein lokalitet med Svartkurle som er ein truga planteart. Herifrå kan vi sjå over dalen til garden Lo som Håkon Håkonson kjøpte og bygde kongsgard, veitslehall og kapell på i ca. 1260.

Pilegrimsferda til Olav den heilages skrin i Kristkyrkja i Nidaros kom i gang like etter at han døydde i 1030 og heldt fram heilt fram til reformasjonen i 1530. Mykje av trafikken gjekk over Dovrefjell. Pilegrimsleia er dag merkt frå Oslo langs gamle pilegrimsstigar fram til Nidaros.

Dovrefjell nasjonalpark, Knutshøene, Drivdalen og Vinstradalen er internasjonalt kjente for sitt rike plante- og dyreliv. Den kalkhaldige fjellgrunnen gir næring til eit rikt utval av artar. Sjeldne plantar som Dovrefjellvalmue, Reinrose, Mogop, Oppdalssildre og Norsk malurt trivst godt her. Fleire sjeldne plantar har overlevd siste istid og må reknast som nasjonalskattar.

På Dovrefjell finn ein Europas best bevarte villreinstamme, men kongen på Dovrefjell er moskusfeet. Det er gjort funn av bein som syner at det levde moskusfe her i forhistorisk tid, og i 1932 vart ti dyr gjeninnført frå Grønland. Det er òg mogleg å få eit glimt av ein fjellrev eller jerv som held til her. Av fuglar som ein kan sjå på Dovrefjell kan ein nemne fjellrype, fjellvåk og kongeørn.