Pilestredet i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parti frå Pilestredet, fotografert i 2008.
Pilestredet på den strekninga der gata inngår i Ring 1.
Parti av Pilestredet på 1970-talet, fotografert i retning mot Grensen. Her er det gjort store endringar frå då fotografiet vart teke.
Foto: Thoresen, Roar / Oslo byarkiv

Pilestredet, som opphavleg heitte Pilestrædveien, er ei særs lang gate i Oslo, som går frå vestre enden av gata Grensen (Professor Aschehougs plass) i sentrale Oslo og i nordvestleg og nordleg lei over Bislett, vest for Fagerborg kyrkje og nordaust- og nordover langs Stensparken og på austsida av Fagerborg videregående skole fram til Ullevålsveien ikkje langt frå krysset mellom Ullevålsveien og Kirkeveien. Gata fekk namnet i om lag 1820 etter dei piletrea som stod langsetter ei strekning av denne vegen i dei tidene.

Pilestredet er i dag ingen gjennomgåande trafikkåre. Av di gata inngår på fleire stader som deler av meir dominerande trafikkårer, er det ofte vanskeleg å finne fram til rett adresse i denne gata. Såleis er Pilestredet brote som bilveg ved C.J. Hambros plass for å inngå som ein del av trafikkåra Ring 1 på strekninga frå den vestre opninga av Hammersborgtunnelen og fram til St. Olavs gate. På Bislett, der fleire gater møtast i ei rundkøyring, kan det sjå ut som om Thereses gate mot nordaust, der trikkelinja frå Pilestredet går, er framhaldet av Pilestredet. Men Pilestredet går nordvestover, opp Norabakken, eit uoffisielt namn på den bratte strekninga av Pilestredet framfor Fagerborg kyrkje, namngjeve etter Nora øl og brus som St. Halvard bryggeri framstilte i sin fabrikk i Pilestredet 75c frå 1877 til 1918. Og øvst i Norabakken går Pilestredet og Fagerborggata rett over i kvarandre som om Pilestredet, som her går vidare langsetter Stensparken, ser ut som ei smal sidegate, og som dessutan er stengd for gjennomkøyring til Ullevålsveien.

Før gata fekk namnet Pilestredet eller Pilestrædveien, hadde ho namnet Rakkarstrædet eller Natmandsveien, av di vegen gjekk framfor Natmandshaugen, der nattmannen hadde tilhald. Nattmannen stod for renovasjonen i byen, som gjekk ut på å samle saman og køyre vekk daude dyr, møkka frå utedoane og anna avfall til ein fast avfallsplass på Natmandshaugen der han budde, og dette arbeidet gjekk føre seg om natta. Natmandshaugen låg opphavleg der Rikshospitalet seinare vart bygd, og som er vorte bustads- og forretningsområdet Pilestredet Park etter at Rikshospitalet vart flytta til nybygde hus på Gaustad i 2000.

Assessor Jørgen Brochmann, som på 1800-talet eigde Brochmannsløkken med hovudbygningar der C.J. Hambros plass no ligg som eit kryssingspunkt mellom Pilestredet og andre gater, ville ikkje bu i ei gate med så tarveleg namn som Rakkarstrædet eller Natmandsveien, og fekk namnet endra til Pilestrædveien. I 1823 vart nattmannen og avfallsplassen flytta til det som no er Stensparken, og namnet Natmandshaugen fylgde med dit.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pilestredet i Oslo