Pilfink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pilfink


Tree-Sparrow.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Passeridae
Slekt: Passer
Art: P. montanus
Vitskapleg namn
Passer montanus
Linné, 1758
Passer montanus

Pilfink er ein fugleart i sporvefamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Pilfinken er 12,5–14 cm lang med eit vengespenn på kring 21 cm, og fuglen veg 24 gram. Issen og nakken er kastanjefarga, og på dei kvite kinna har fuglen ein svart flekk. På oversida er pilfinken flekkete i raudbrunt, svar, gulbrunt og grått. Når vengane er slegne i hop lagar spissane på dei midtre vengedekkfjørene eit kvitt vengeband. Haka, strupen, og området mellom nebben og strupen er svarte Nebben er konisk og ganske grov. Overnebben har ein liten innskjering bakom spissen og innvikne kantar. Munnvikane har tydelege børstehår. Beina er bleikt brune, og nebben er blågrå om sommaren og vert nesten svart om vinteren.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Også på læta liknar pilfinken gråsporven. Fuglen har ikkje nokon skikkeleg song, men ein oppattkeken serie tschip-lydar vert ytra av upara eller oppsøkande hannar. Andre einstava pipelydar brukast i sosiale kontaktar, og fluktlæta er eit stritt teck. Ei undersøking som jamførde læta frå ein introdusert populasjon i Missouri med fuglar frå Tyskland viste at dei amerikanske fuglane hadde færre delte stavingstypar og meir struktur innanfor populasjonen enn dei europeiske fuglane. Dette kan vere ei følgje av den opphavlege nordamerikanske populasjonens sin avgrensa storleik og eit påfølgjande tap av genetisk mangfald.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten finst i store delar av Europa og Asia samt i Tunisia i Nord-Afrika. Det naturlege hekkeområdet omfattar det meste av dei tempererte områda i Europa og Asia sør om kring 68°N og gjennom det søraustlege Asia til Java og Bali. Fuglen hekka på Færøyane fram til 1910. Pilfinken er standfugl over storparten av utbreiingsområdet, men dei nordlegaste hekkefuglane trekker sørover til vinteren.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Her i landet har fuglen sin sterkaste skanse på Austlandet, der pilfinken er til dels vanleg å sjå i lågare lende og oppover fleire av dalføra. Langs kysten av Sørlandet rugar fuglen spreidd, i Rogaland er utbreiinga tettare. Her er pilfinken vanleg i kystområda i heile fylket, sameleis i Sveio lengst sør i Hordaland. Lengre nord på Vestlandet finst fuglen sporadisk som hekkefugl. I Trøndelag, Nordland og Troms er arten sjeldsynt og hekkar ikkje. I Finnmark har fuglen tilhald nokre få stader. Pilfinken trivst både i byar, tettbygde strok og i jordbrukslandskap med omliggjande skog. Fuglane held seg unna bykjernar og industriområde med lite vegetasjon, men trivst godt i grønare område i byane. Totalbestanden i Noreg kan vere på 100 tusen par, og arten har truleg gått litt fram sidan 1950.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Arten er for det meste standfugl her til lands, men fuglar streifar utanfor hekketida. Om hausten vert det registrert eit avgrensa trekk som tyder på at nokre fuglar trekker ut av landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]