Hopp til innhald

Piljskifossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piljskifossen
foss
Land  Serbia
Fossetype Kaskade
Totalt fall 65,5 m
Kart
Piljskifossen
43°19′35″N 22°43′18″E / 43.326505°N 22.721636°E / 43.326505; 22.721636
Wikimedia Commons: Pilj Waterfall

Piljskifossen eller berre Pilj (serbisk Пиљски водопад) er den nest høgaste fossen i Serbia[1][2][3] og vart oppdaga av geologar og alpinistar først i 2002.

Plassering

[endre | endre wikiteksten]

Fossen ligg søraust i regionen Visok, nær grensa til Bulgaria, på sørsida av Balkanfjella. Han ligg fire kilometer frå landsbyen Topli Do i retning landsbyen Dojkince.

Piljskifossen ligg i ei kløft i elva Piljski, som er ei sideelv til Temštica (Toplodolska reka). Fossen ligg nedanfor fjelltoppane Čungulj og Kurtulj og ryggen Jelenski Skok, i ei høgd på 1450 meter over havet. Høgda på fossen er anten 65,5 meter [1] eller 64 meter. [2] [3], som uansett gjer han til den nest høgaste i landet etter Jelovarnikfossen i fjellet Kopaonik. Fossen er ein kaskadefoss med Gornji (den øvre og minste) og Donji (den nedre og høgaste). Ved botn av fossen ligg eit lite tjern.

Fossen ligg i eit tynt folkesett område og vanskeleg tilgjengeleg område. Som følgje av dette vart fossen først oppdaga i mai 2002.[1] Nokre andre høge fossar nær Piljski er Čungulj (43 meter, oppdaga i 1996) og Kurtulj (27 meter).

  1. 1 2 3 T. Todorović (1. mai 2006), «Menjaju geografiju», Politika (på serbisk), s. 10
  2. 1 2 «Stara Planina». Henta 18. mars 2009.
  3. 1 2 «Stara Planina - park prirode». Turistička organizacija Pirot]. Arkivert frå originalen 20. august 2008. Henta 18. mars 2009.