Pilsymbol
Pil som symbol eller teikn er ei stilisert framstilling av våpenet (prosjektilet) pil, nytta for å syne retning eller for å påpeike eller framheve noko særskilt.
Kombinert med andre ting kan pila nyttast i bilete eller skulptur for å symbolisere kjensler, som til dømes pilen som dei antikke kjærleiksgudane skyt med for å vekkje kjærleik og attrå i eit menneske overfor eit anna menneske. Ei framstilling av ei pil gjennom ein hjarta er difor eit kjent symbol for kjærleik mellom menneske. I andre samanhengar kan ei pil, eller kombinasjonen pil og boge, stå for makt og mynde.
Piler på trafikkskilt
Kjærleiksguden Amor (Eros) førebur seg til skot med pil og boge. Romersk kopi av gresk statue, fyrste hundretalet e.Kr.
Ei flygande pil, pil med venger, i kommunevåpenet for Finnøy kommune