Pilt-Ola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pilt-Ola
Fødd 1779
Død

1858

Ole Olsen Songesand (17791858), kjend som Pilt-Ola, var ein norsk eventyrar, driftekar, kremmar, handelsmann, sildetilverkar, oppfinnar, fabrikkeigar og kyrkjeeigar frå Songesand på nordsida av Lysefjorden i Ryfylke. Han voks opp på garden Bakken vest for Songesand.

Pilt-Ola var son av Ole Songesandsbaken og Siri Maanen, og hadde elleve sysken.

Han er blant anna kjent for å ha gått til Finnmark til fots for å kjøpa tamrein som han tok med seg tilbake til Ryfylke. Desse dyra er truleg opphavet til villreinstamma i Setesdal-Ryfylke.[treng kjelde] For å verna reinen brukte han gift for å utrydda ulven i Sør-Noreg, noko han langt på veg klarte.[treng kjelde]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]