Pimpernell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pimpernell
Pimpernell
Pimpernell
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Blodtoppslekta Sanguisorba
Art: Pimpernell S. minor
Vitskapleg namn
Sanguisorba minor

Pimpernell (Sanguisorba minor) er ein fleirårig plante i rosefamilien.

Han stammar frå vestlege, sentrale og sørlege delar av Europa, nordvestlege Afrika og sørvestlege Vest-Asia. Han finst også forsvilla i mesteparten av Nord-Amerika.[1][2]

Namn[endre | endre wikiteksten]

«Pimpernell» er blitt brukt om fleire andre plantar, som den nære slektningen blodtopp og nonsblomslekta, der nonsblom er planten bdet blir vist til i boka Den røde pimpernell.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Pimpernell blir 40–90 cm høg. Han veks typisk i tørre grasenger, ofte på kalkhaldig jord. Han er motstandsdyktig mot tørke, og veks gjennom heile sesongen.

Blad av pimpernell

Blomstringa skjer i mai-august. Planten har endestilte, kuleformea blomsterstandar. Desse består av hannblomar nedst, tvikjønna blomar i midten og hoblomar øvst.

Rotnettet består av ei loddrett pålerot med nokså få, kraftige siderøter.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Blada og blomane har ein lett agurkaktig smak. Dei kan nyttast i kalde drikker og salatar, og er også eigna til å krydra marinadar, sausar og fugle- og fiskeretter. Planten er også ingrediens av ulike matrettar som særskilde variantar av grøn saus. Som regel bruker ein unge blad, ettersom dei får ein bitter smak når dei blir eldre.

Pimpernell har dei same medisinske bruksområda som blodtopp (Sanguisorba officinalis). I tidlegare tider blei han brukt i ein te som middel mot diaré.

Pimpernell blir også brukt som prydplante.

Pimpernell i historia[endre | endre wikiteksten]

Planten blei kalla Francis Bacon sin favoritturt. Han blei teken med til den nye verda av dei første kolonistane frå England, og blei nemnd i skriftene til Thomas Jefferson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «Sanguisorba minor». ITIS. Henta 1. mai 2012. 
  2. «Sanguisorba minor». EOL. Henta 1. mai 2012.