Piniós på Peloponnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Piniós i Thessalía.

Piniós (gresk Πηνειός) er ei elv på Peloponnes i Hellas. Ulikt Piniós i Thessalía er ho truleg ikkje kalla opp etter guden Penevs.

Elveløp[endre | endre wikiteksten]

Elva har utspring i Erýmanthos (Olonós), og munnar ut i ei bukt sørvest for Gastoúni i Det joniske havet. Ho renn over den sørlege halvdelen av Ilíasletta og renn mellom anna gjennom:

Ho renn vidare mellom Roupáki og Ajía Mávra, sør for Kavásila og aust for Vartholomió.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken rann elva aust for det som i dag er Stafidókambos, den militære flyplassen Andravida i Lekhainá, og tidlegare våtmarksområde, som i dag er tørka opp for å nyttast til jordbruk, nær Ájos Pandeleímonas.

I 1960-åra vart det bygd ei demning på elva som skapte Piniósreservoaret, som gav vatn til det meste av Ilía. Vatnet er derimot giftig og kan ikkje drikkast. I dag går det ein veg over demninga som er nesten 2 km lang med eit vasskontrolltårn på midten. Elva tørkar sjeldan ut om sommaren, men mange av sideelvane hennar tørkar inn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]