Pinjekjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pinjekjernar frå Italia.
Frøkjernar frå Korea-furu (Pinus koraiensis), med og utan skal.
Frøkjernar frå Pinus sibirica.

Pinjekjernar, også kjend som pinjenøtter, piniolar og pignolar, er dei etande kjernane til frø frå konglar av pinje og eventuelt andre tre i furuslekta. Dei kan etast rå, rista eller steikt, og kan brukast til salat, til å laga sausar som pesto eller til bakverk.

Som andre frø og nøtter har pinjekjernar eit høgt innhald av feitt; ca. 68 g per 100 g frø. Rundt halvparten av feittet er fleirumetta og over ein tredel er einumetta. Same mengd inneheld cirka 14 gram protein. Pinjekjernar er også gode kjelder til jern og sink.

Fleire frøkjernar frå furuslekta er etande.[1] Mange av dei liknar frøkjernane frå pinje og kan seljast som dette eller under andre namn. Historisk har ein i Noreg ete russenøtter frå russiske furutre som kom til landet gjennom pomorhandelen.

I 2000-åra blei det rapportert om fleire tilfelle av smaksforstyrringar etter at folk hadde ete pinjekjernar frå Asia.[2] Grunnen til forstyrringane var truleg at ein hadde blanda kjernar frå to artar som ikkje er rekna som etande, Pinus armandii og Pinus massoniana, saman med dei etande kjernane frå andre tre.[3]

Pinjekjernar som kan etast[endre | endre wikiteksten]

Etter liste frå FAO.[1]

Haploxylon[endre | endre wikiteksten]

  • P. ayacahuite
  • P. albicaulis
  • P. cembra (sembrafuru)
  • P. flexilis
  • P. gerardiana
  • P. koraiensis
  • P. lambertiana
  • P. monticola

Piñon-furuar:

Diploxylon[endre | endre wikiteksten]

  • P. coulteri
  • P. pinea (pinje)
  • P. ponderosa
  • P. sabiniana
  • P. roxburghii
  • P. torreyana

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pinjekjerne