Pinsettkolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pinsettkolibri
Pinsettkolibri
Pinsettkolibri
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Pinsettkolibri
Utbreiinga av Pinsettkolibri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Mellisugini
Slekt: Thaumastura
Art: Pinsettkolibri T. cora
Vitskapleg namn
Thaumastura cora

Pinsettkolibri (Thaumastura cora) er ein kolibriart i stammen Mellisugini av underfamilien Trochilinae, dei minste kolibriane. Han er den einaste arten som er plassert i slekta Thaumastura og har ingen underartar. Han lever i kystområda av Peru og litt inn i Chile.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon frå Voyage autour du monde - Antoine Germain Bevalet (1779–1850)

Med sin lange hale er hannar av pinsettkolibri er omtrent 14 cm i kroppslengd, hoa er omtrent 7-7,5 cm lang.[1] Kroppsmassen er 2,5-2,6 gram og hoa er tyngst. Arten er blant dei minste kolibriane. Begge kjønn har eit kort, rett, svart nebb. Begge har metallisk grøn overside, inkludert panna. Hos hoa har den grøne oversida eit svakt beige skjer. Begge kjønn har ein utydeleg kvit flekk bak auget. Hannane har ein iriserande magenta strupeområde som verkar cyan mot sidene eller svart i ulike vinklar; strupen til hoa er kremfarga. Brystet og buken til hannen er skittenkvit til grå som det grøne på ryggen smeltar varsamt inn i. Brystet og buken til hoa er likeins, men mørkare.[2]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Pinsettkolibriar finst frå nordlegaste Peru, med éi kjent registrering i Lojaprovinsen i Ecuador, og sørover gjennom heile lengda av det vestlege Peru og inn i Arica og Parinacota-regionen i nordvestlege Chile. I Chile vart arten først rapportert i 1971, han er talrik i Azapa-dalen, meir talrik enn aricakolibri, og finst no òg lenger sør.[2]

Det opphavlege habitatet er den tørre kystsona med sparsam krattvegetasjon. Pinsettkolibriane er også lett å finne i jordbruksland, hagar og frukthagar. I høgda varierer det frå havnivå til omtrent 2800 moh., og kanskje høgare, men han er mest vanleg nær havnivå.[2]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Pinsettkolibriar kan generelt treffast i heile utbreiingsområdet, men han har kolonisert isolerte «øyar» med passande habitat i elles golde landskap.[2]

Pinsettkolibri søkjer etter nektar ved ei rekkje blomstrande plantar, både innfødde og introduserte som Eucalyptus. Vanlegvis sveveflyg dei framføre blomsteren, men nokre gonger klamrar dei seg til blomsteren. Dei vitjar av og til kunstige «kolibrimatarar». I hekkesesongen forsvarer hannar territorium på omtrent 40 x 40 meter, men det er uklart om desse er for frieri, føde eller begge delar. Nokre observerte territorium er rike på blomstrar, men andre har få eller ingen som er synlege. I tillegg til å livnære seg på nektar, fangar den små insekt ved å jakte frå ei grein.[2]

Oppvisingsflukta til hannane kan ha form av lange J-forma «dukk», eller fram-og-tilbake «skyttel» der han flyg på eit kortare, nesten horisontalt plan eller boge. Under dei fleste dukk og nokre skyttelstrekk spreier hannen halefjørene og produserer eit mekanisk, flagrande læte. Hannane syng under den horisontale flukta, men ikkje under dukk. Når hannar sveveflyg gjer dei normalt ca. 50 vengeslag per sekund, men slagfrekvensen kan auke til ca. 75 Hz under dukking i oppvisingsflukta.[2]

Hekkefenologien til pinsettkolibrien er elles dårleg kjent. Ein kjenner ikkje rugetida eller tida fram til flygedyktige ungar. Det er bevis på at arten hekkar to gonger i året, mellom mars og mai og mellom september og november. Reiret er lite, koppforma; nokre har hatt bitte små blomstrar på utsida i staden for lavet som andre kolibriar vanlegvis bruker.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Schulenberg, T.S.; Stotz, D.F.; Lane, D.F.; O'Neill, J.P.; Parker, T.A.; Egg, A.B. (2010). Birds of Peru: Revised and Updated Edition. Princeton University Press. s. 250. ISBN 9781400834495. Henta 2. april 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Clark, C. J. (2020). Peruvian Sheartail (Thaumastura cora), version 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.pershe2.01 henta 2. april 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pinsettkolibri