Pint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein pint med øl.

Pint er ei gammal engelsk måleining for volum med symbol pt. Han er lik 1/8 gallon. I Storbritannia er måleininga berre brukt for væsker. 1 pt = 20 fluid ounce (fl oz) som er 0,568 liter. I USA er eininga for væske 1 lq pt = 16 fl oz = 0,473 liter, for tørre varar 1 dry pt = 1/64 bushel = 0,551 liter. Ein fransk pinte var 0,931 liter, og vart ved innføringa av metersystemet foreslått som namn på liter. Pint tydde opphavleg merke på eit målekar, og ordet er nærskyldt med norsk pel. Pint blir delt i fire gills.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pint. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 16. november 2013 frå http://snl.no/pint.