Pionérsvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pionérsvale
Bilete frå Risdon Brook Park, Tasmania Foto: JJ Harrison
Bilete frå Risdon Brook Park, Tasmania
Foto: JJ Harrison
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Svalefamilien Hirundinidae
Slekt: Hirundo
Art: Pionérsvale H. neoxena
Vitskapleg namn
Hirundo neoxena

Pionérsvale (Hirundo neoxena) er ein liten sporvefugl i svalefamilien. Det er ein art som høyrer heime i Australia og på nærliggjande øyar, og sjølvintrodusert på New Zealand på midten av 1900-talet.[1] Pionérsvala har stor likskap med kystsvala som ofte har vore betrakta som same arten.

Denne arten hekkar i ei rekkje ulike habitat, hovudsakleg i opne område, område rydda av menneske eller i urbane miljø, men ikkje ørken eller tett skog.[2] Utbreiinga er i det sørlege og austlege Australia. Den austlege populasjonen er i stor grad trekkfuglar som overvintrar i Nord-Australia. Vestlege fuglar, og dei på New Zealand, er i hovudsak standfuglar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Pionérsvala har metallisk blåsvart overside, lys grå underside på brystet og buken, og rustfarga panne, hals og øvste brystområde. Ho har ein lang gaffeldelt stjert, med ei rad av kvite flekker på dei einskilde fjørene. Desse fuglane er ca. 15 cm lange, inkludert de ytre halefjørene som er litt kortare hos hoer enn hos hannar. Lætet er ei blanding av kvitter og mjuke songstrofer, og ein skarp fløytetone som varsellyd.

Unge pionérsvaler er brungule og kvite, i staden for raudt på panna og halsen, og har kortare halespyd.

I vinterkvarteret i nordlege Australia overlappar pionérsvala med overvintrande låvesvaler (Hirundo rustica) frå nord, men sistnemnde kan lett skiljast med sitt blå brystband.[3] Pionérsvaler hekkar ofte nær menneskeleg busetjing. Ein ser desse svalene på leidningar, stolpar og anna eigna kvilestader.[4]

Reiret er opent og koppforma gjort av gjørme og gras. Det er festa til ein eigna struktur, slik som ein vertikal fjellvegg eller bygning. Det er fôra med fjører og hår. Kvart kull er på tre til fem egg, og to kull per sesong er vanleg.

Begge kjønn bidreg i reirbygginga, men hoa rugar aleine. Rugetida er mellom to og tre veker. Begge foreldra syter for ungane, og ungane forlèt reiret etter ytterlegare to til tre veker.

Desse fuglane er svært smidige flygarar, som beitar på insekt i flukta. Ofte flyg dei fort og lågt over bakken på opne felt i store sirklar eller i åttetalsmønster. Dei vil ofte sneie rundt dyr eller menneske i det opne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Edgar, A. T. (1966) Welcome Swallows in New Zealand, 1958-1965, Notornis 13(1): 27-60 http://notornis.osnz.org.nz/welcome-swallows-new-zealand-1958-1965 Arkivert 2013-02-13 ved Wayback Machine.
  2. Davis, Danielle. «Welcome Swallow». Henta 8. februar 2013. 
  3. Turner, Angela K; Rose, Chris (1989). Swallows & martins: an identification guide and handbook. Houghton Mifflin. ISBN 0-395-51174-7. 
  4. «Welcome Swallow». Birds in Backyards. Arkivert frå originalen 23. september 2010. Henta 8. februar 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pionérsvale