Pionerplante

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pionerplante er ein planteart, som er mellom dei første til å etablere seg etter katastrofer, flatehogst eller liknande, som har utrydda eller fjerna den opphavlege vegetasjonen. Dei er kjenneteikna ved at dei kan klare dei barske tilhøva på ei bar mark, og dessutan har dei anten ein særs stor, årleg frøproduksjon, eller så har dei òg ein stor mengde frø i jorda.

Slike plantar er gras, geiterams og brennesle. Typisk for desse plantane er at dei har lett for å spreie seg til andre stedar.

Pionerplantane er naudsynte for dei artane som kjem etterpå, for pionerplantene endrar samansettinga av næringssalt i jordsmonnet.