Pionerskij
Utsjånad
| Pionerskij | |||
| Пионерский | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Kaliningrad oblast | ||
| Areal | 8,3 km² | ||
| Folketal | 12 928 (1. januar 2024)[1] | ||
| Grunnlagd | 1254 | ||
| • Bystatus | 1946 | ||
| Retningsnummer | +7 40155 | ||
![]() Pionerskij 54°57′00″N 20°13′00″E / 54.95°N 20.216666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Pionersky | |||
Pionerskij[a] er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg ved Austersjøen, rundt 30 km nordvest for Kaliningrad.

Foto: Popadin Aleksandr
Han vart grunnlagt av Den tyske riddarordenen i 1254 som Neukuhren. Etter den andre verdskrigen vart han annektert av Sovjetunionen. Den tyske folkesetnaden vart utvist og erstatta med russarar. I 1946 fekk han bystatus og namnet vart endra til Pionerskij, etter organisasjonen Unge pionerar av Sovjetunionen.
Den vesle hamna i byen, som tidlegare mest vart nytta av fiskeflåten, er no mykje nytta av seglbåtar og til strandturisme.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2024 года (på russisk), Rosstat, 27. april 2024, Wikidata Q126076461
- Delar av denne artikkelen bygger på «Pionerskij» frå Wikipedia på bokmål, den 29. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
