Pionertre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørk som pionertre.

Pionertre er rasktveksande, lyselskande tre som er først ute med å gjera ope terreng om til skog. Desse trea dukkar gjerne opp etter brann, flaum, jordskred, skogrydding eller andre økologiske katastrofar.

Pionertrea har tidleg blomstring og kort levetid, dei har som mål å utnytta jorda fortast mogleg. Trea har lett lauvverk som gjev lite skugge. Bjørk, osp, rogn og selje er døme på slike tre som veks i Noreg.

Etter kvart vil som regel pionertrea bli fortrengde av klimakstre som veks seinare, men tek det meste av lyset. I område med dårleg jordsmonn, til dømes tørr sandjord, eller kuperte flater, vil pionertrea framleis ha nok lys til å kunna spira.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]