Piotr Małachowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Piotr Małachowski

Piotr Malachowski.jpg

Statsborgarskap Polen
Fødd 7. juni 1983
Gmina Żuromin
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar, diskoskaster

Piotr Małachowski (fødd 7. juni 1983) er ein polsk diskoskastar frå Żuromin. Han har ein personleg rekord på 69,83 meter (Storbritannia, juli 2010).

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Piotr Małachowski vann sølv under U23-europameisterskap i 2005 som sin fyrste internasjonale medalje. Han deltok under EM i friidrett 2006 i Göteborg og VM i friidrett 2007 i Osaka men kasta ikkje langt nok til å få medalje i desse meisterskapa.

Małachowski OL-debuterte under sommar-OL 2008 i Beijing. Her kasta han seg til sølvmedaljen med eit kast på 67,82. Gullet gjekk den gongen til estiske Gerd Kanter, og bronsen fekk Virgilijus Alekna frå Litauen.

Under VM i friidrett 2009 i Berlin sette Piotr Małachowski ny polsk rekord med 69,15. Tyske Robert Harting kasta likevel lengre på sitt siste forsøk, og Małachowski fekk VM-sølv. Men under EM i friidrett 2010 i Barcelona tok Małachowski revansje. Her kasta han 68,87 og vart europameister framfor Robert Harting og ungararen Róbert Fazekas.

Piotr Małachowski deltok også under sommar-OL 2012, men enda her på ein femteplass.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]