Pipeline

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pipeline av The Chantays)
Pipeline
Singel av The Chantays
frå albumet Pipeline
B-side

«Move It»

Utgjeve Desember 1962
Innspelt Juli 1962
Sjanger Surferock
Lengd 2:19
Selskap Downey (D-104)
Låtskrivar(ar) Brian Carman, Bob Spickard

«Pipeline» er ein instrumental surferocksong av The Chantays. Han vart spelt inn i juli 1962.

Melodien, som opphavleg vart kalla «Liberty's Whip», fekk nytt namn etter at bandet såg ein surfefilm som viste Banzai Pipeline i Hawaii.[1] Pipeline tyder «røyr» på engelsk og syner her til «røyret» som kan oppstå i brytande surfebølgjer. Melodien vart raskt populær og steig til fjerdeplassen på Billboard Pop-lista og vart ein av dei mest suksessrike surferocklåtane. Melodien er kjend for å bruke Alberti bass-arpeggioar.

Sjølv om The Chantays hadde mange singlar, var dette den einaste hitten deira. Miksinga av songen var nokså utypisk for dnne tida, der bassen, det elektriske pianoet og rytmegitaren er langt framme i lydbiletet, medan trommene og sologitaren er lenger bak.

Songen kom først ut på singel i desember 1962 på selskapet Downey,[2] og vart distribuert nasjonalt på Dot Records som Dot 15-16440 i januar 1963.[3] På begge utgåver er bandnamnet stava Chantay's.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Pipeline» er blitt spelt av mange andre musikarar som Johnny Thunders (som har eit konsertopptak som vert spelt under rulleteksten til ein episode av The Sopranos), Dick Dale (med Stevie Ray Vaughan og Jimmie Vaughan), The Eagles, The Ventures, Nokie Edwards med Light Crust Doughboys, Takeshi Terauchi & Blue Jeans, Art Greenhaw, Incredible Bongo Band, Hanoi Rocks, Hank Marvin (duett med Duane Eddy på albumet Into the Light i 1992), Elton Motello, Agent Orange, The Challengers, Anthrax, The Low Babies, The Astronauts, Assassin, Hot Butter, Bruce Johnston, Sandy Nelson, Exploding White Mice og Les Claypool sitt Duo de Twang.

Stevie Ray Vaughan og Dick Dale sin versjon vart òg nytta i filmen Back to the Beach i 1987 og vart nominert til Grammyprisen det året. /ref>

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]