Hopp til innhald

Piperviken småkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piperviken småkyrkje
kyrkje
Pipervikskyrkja i 1956, sida mot Klingenberggata
Foto: Leif Ørnelund
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Innvigd 10. mai 1911
   Endringar Riven 1959
Altartavle Kopi e. Carl Bloch
Sitjeplassar 400
Diverse Glasmåleri av Karl Kristiansen. Måleri av Christian Benneche i takkvelvet.
Kart
Piperviken småkyrkje
59°54′44″N 10°43′37″E / 59.91208389°N 10.72692611°E / 59.91208389; 10.72692611
Wikimedia Commons: Piperviken småkirke

Piperviken småkyrkje (Pipervikskyrkja) var ei småkyrkje som låg i Munkedamsveien 12 i Oslo, men hadde hovedfasade mot Klingenberggata. Kyrkja vart oppført som distriktskyrkje under Johannes kyrkje i 1911 og riven i 1959 i samband med dei store reguleringsplanane for Vika.

Kyrkja vart teikna av arkitiekt Harald Aars, som fekk Houens fonds diplom i 1923 for arbeidet. Karl Kristiansen laga glasmåleri til kyrkja i 1920-åra, og takkvelvet vart utsmykka av Christian Benneche i 1936. Altartavla og kyrkjeklokkene kom seinare til Hasle kyrkje.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]