Piraja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Piranha)
Piraja

Piraja er ei fellesnemning for fleire søramerikanske ferskvassfiskar i karpelaks-familien med markerte, skarpe tenner. Dei er normalt frå 15 til 25 centimeter lange. Navnet «piraja» kjem via spansk piraña eller portugisisk piranha frå tupi-guarani der pirá betyr 'fisk' og sanha eller ranha betyr 'tann'.

Pirajaer lever i elver i Sør-Amerika. Hovudsakleg finst fiskane i Amazonas og i elver i Guyana og Paraguay. Arten Pygocentrus piraya lever i elva Rio São Fransisco i Brasil. Dei lever stort sett av frø og plantemateriale, og som predatorar og åtseletararinsekt og andre fisk.[1]

Nokre av fiskane kan gå til åtak på menneske. Dei har eit ufortent rykte på seg for å vera menneskeetarar, sjølv om visse territorielle artar kan angripa badande menneske for å forsvara territoriet sitt, særleg når vasstanden er låg.[2]

Vandrehistorier om piraja seier at nokre av dei (Pygocentrus nattereri) kan eta alt kjøtet av eit stort dyr, som kveg eller menneske, på nokre sekund. [3] Den amerikanske presidenten Theodore Roosevelt skildra fisken som særs blodtørstig og farleg etter å ha vitja Brasil i 1913, og vore vitne til at fiskar som var blitt fanga i eit lite område i fleire dagar av lokale fiskarar beit sund i ei ku som blei dytta oppi vatnet.[4][5]

Ei anna vandrehistorie frå Brasil fortel at fiskane stimer raskt gjennom elvene og går til åtak på det første kveget som går i vatnet, slik at resten av bølingen kan gå trygt over.[6] Denne åtferda blei funnen å ikkje stemma av forsking utført av Helder Queiroz og Anne Magurran i Biology Letters.[7]

Piraja som blodtørstige fiskar er blitt skildra i fleire filmar, som James Bond-filmen You Only Live Twice frå 1967, Piranha frå 1978, Piranha II: The Spawning frå 1981 og Piranha 3D frå 2010.

Seks piraja-slekter[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Piranha 'less deadly than feared'». BBC News Online. 2. juli 2007. Henta 2. juli 2007. 
  2. Mol, Jan H. (2006). «Attacks on humans by the piranha Serrasalmus rhombeus in Suriname». Studies on Neotropical Fauna and Environment 41 (3): 189. doi:10.1080/01650520600630683.  lay summary Arkivert 2010-10-15 ved Wayback Machine.. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia
  3. «Piranhas vermelhas são medrosas e comem vegetais». EcoTerra Brasil. 2004. Arkivert frå originalen 16. januar 2011. Henta 9. mai 2014. 
  4. Julia Layton. «Can piranhas really strip a cow to the bone in under a minute?». HowStuffWorks. Henta 22. mai 2009. 
  5. Howard, Brian Clark. «13 Scariest Freshwater Fish: Piranha». National Geographic. Henta 4 October 2012.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  6. Gonçalves, Alfredo J. (10. juli 2007). «Boi de Piranha». 
  7. Queiroz, Helder; Magurran, Anne E (2005). «Safety in numbers? Shoaling behaviour of the Amazonian red-bellied piranha». Biology Letters 1 (2): 155–7. PMC 1626212. PMID 17148153. doi:10.1098/rsbl.2004.0267. 
  • «Piraja» (14. juni 2012), Store norske leksikon. Henta 9. mai 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]