Pirattrålar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den spanske trålaren Arosa Quince ved kai i Tromsø etter å ha blitt arrestert av kystvakta. Trålaren og reiarlaget er ilagt den største bota nokonsinne for overfiske - 15 millionar kroner.[treng kjelde]

Ein pirattrålar er i norsk språkbruk ein trålar som fiskar ulovleg i Norsk økonomisk sone (NØS) eller utan kvote i internasjonal farvatn i Barentshavet. Mange pirattrålarar er eigd frå Island, Spania eller Noreg, men fiskar under flagget til andre land.[treng kjelde] Eit godt døme er trålaren Kabou. Kabou vart arrestert i Barentshavet sommaren 2006. Trålaren bar då namnet Joanna og bar flagget til São Tome, seinare vart det klårt at trålaren var registrert i Guinea under namnet Kabou.[1]

Også trålarar som ikkje seglar under falsk flagg blir omtalt som pirattrålarar om dei medvite og over lang tid overfiskar kvotene sine eller på anna måte driv med alvorlege brot på reglane for fiskeri. Døme på dette er trålarane Elektron frå Russland og Arosa Quince frå Spania.[treng kjelde]

Norske styresmakter har dei siste åra tatt problemet med overfiske og piratfiske meir alvorleg og prøver å få til eit samarbeide med EU og Russland om dette. Norske styresmakter har og tatt til å kontrollere trålarar som landar fisk i utanlandske hamnar. Mellom anna vart Kabou kontrollert ved hamn i Portugal i august i 2006.[treng kjelde]

  1. VG om arrestasjonen