Pireusløva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pireusløva i Arsenale di Venezia.
Inngongspartiet til Arsenale di Venezia, med fire løvestatuar.

Pireusløva er ein av fire løvestatuar i Arsenale di Venezia. Statuen stod opphavleg i Pireus, hamnebyen til Athen, og vart teken til Venezia av doge Francesco Morosini i 1687 etter ei plynding under den den store tyrkiske krigen då venezianarane kringsette Athen. Det står kopiar av statuen i Pireus og i Statens historiska museum i Stockholm. Statuen er kjend for runeinnskriftene som er på han.

Løvestatuen hadde stått i Pireus sidan det fyrste eller andre hundreåret e. Kr, og var eit kjend landemerke. So kjend var statuen at italienarane kalla Pireus Porto Leone, 'Løvehamna'.[1] Statuen viser ei sitjande hannløve. Han har hol hals og spor etter eit røyr etter ryggen, noko som tyder på statuen har vore i bruk som fontene.[2] Løva er i kvit marmor og er om lag 3 meter høg.

Runeinnskrifter på sidene av statuen skal vere frå 1000-talet. [3] Innskriftene er forma som ein forseggjord lindorm med runene skrivne på det buktande kropsbandet, mykje likt slik det kan vere gjord på runesteinar frå Skandinavia. [4] Ein teori er at dei som rissa runene var væringar, skandinaviske krigarar som var i teneste hjå Keisaren av Bysants, som var sende til Hellas for å slå ned eit opprør.

Innskriftene og tolkingar[endre | endre wikiteksten]

Teiking av innskrifta på sida av løvestatuen.
Fototgrafi av innskrifta på høgre sida av statuen (med overdriven kontrast for å gjere innskrifta meir tydeleg).
(Foto: Ian A. Young)
Teikning av den same innskrifta.
(Teikning: Carl Christian Rafn)

Innskriftene vart ikkje gjenkjende som runer før den svenske diplomaten Johan David Åkerblad såg statuen på slutten av 1700-talet. Dei vart fyrst tolka på midten av 1800-talet av Carl Christian Rafn frå det Kongelige Nordiske Oldskrift-Selskab. [5] Innskriftene er kraftig nedslitne av vêr, noko som hadde gjort ein del av runene vanskelege eller umoglege å lese på 1800-talet. Dette har berre vorte verre seinare, når luftforureing óg har fått gjere sitt, og at statuen har kome i vegen for skotvekslingar har heller ikkje hjelpt.

Dette er slik Rafn las innskriftene, med dei leselege runene vist i feit skrift og dei rekonstruerte i vanleg skrift: [6]

På høgre side av løva:

  • ASMUDR : HJU : RUNAR : ÞISAR : ÞAIR : ISKIR : AUK: ÞURLIFR : ÞURÞR : AUK : IVAR : AT : BON : HARADS : HAFA : ÞUAT : GRIKIAR : UF : HUGSAÞU : AUK : BANAÞU :
    • 'Asmund rissa desse runene med Asgeir og Thorleif, Thord og Ivar, etter Harald Høge sitt bod, sjølv om grekarane hadde vurdert det og forbode det.'

På venstre side av løva:

  • HAKUN : VAN: ÞIR : ULFR : AUK : ASMUDR : AUK : AURN : HAFN : ÞESA : ÞIR : MEN : LAGÞU : A : UK : HARADR : HAFI : UF IABUTA : UPRARSTAR : VEGNA : GRIKIAÞIÞS : VARÞ : DALKR : NAUÞUGR : I : FIARI : LAÞUM : EGIL : VAR : I : FARU : MIÞ : RAGNARR : TIL : RUMANIU . . . . AUK : ARMENIU :
    • 'Håkon med Ulf og Asmund erobra denne hamna. Desse mennene og Harald ila grekarane ei stor bot på grunn av opprøret deira. Dalk er halden fanga langt borte. Egil er foren i lag med Ragnar inn i Romania (det vil seie Austromarriket) og Armenia.'

Rafn si lesing har vorte kraftig kritisert, Sophus Bugge sa i 1897 mellom anna dette om tolkinga til Rafn:

«Paa Grund af denne Rafns Tolkning har saa siden en Række af Historikere i Tyskland og Grækenland fortalt, at Athens Havn mellem 1033 og 1043 blev erobret af Harald Sigurdsson, som anførte Væringer fra Byzanz. Men dette er bare Fabel og Fantasi. Navnet Harald den høie er ingensteds skrevet paa Løven. Hvor Rafn har læst dette Navn, staar der noget ganske andet.» [7]

Bugge hadde vore i Venezia og studert statuen og fått laga ei gipsavstøyping av runeinnskriftene. Dette er hans tolking av innskriftene:

På høgre side av løva:

  • «Asmund hug disse Runer og tillige Asgaut nogle. Til fulde maatte man i Landet betale for ham, som blodig faldt i Kampen, om end det var længe efter den fiendtlige Daad; tid Krigerflokken eier dog røvet Gods i Overmaal som Bod for den overmaalsstore Brøde. Sakar vandt der rigt Bytte.» [8]

På venstre side av løva:

  • «Efter Haakon (d. e. til Minde om Haakon) hug Utvungs Mænd Runer, da de hørte om hans Død i denne Havn. Til Pengebod for ham (eg. efter ham) maatte nu overmaade mange af Grækernes Folk lide Trældom. Med Hæder blev der hærjet, saa Knarrer (d. e. Handelsskibe) blev tagne. Holmkel vandt der rigt Bytte.» [9]

Bugge fann også ei innskrift på det venstre baklåret, der las han dette:

  • «Drenge (d. e. kjække Mænd) ridsede Runerne; ogsaa Karl hug.» [10]

Det har vorte lagt fram fleire andre tolkingar óg, men i dag er det ingen det er særleg stor semje om, og dei originale runeinnskriftene på Pireusløva er no vorte nær heilt uleselege.

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hans Rupprecht Goette, Athens, Attica and the Megarid: An Archaeological Guide, p. 141. Routledge, 2001. ISBN 0-415-24370-X
  2. Henry Ellis, The British museum. Elgin and Phigaleian marbles, p. 36. British Museum, 1833
  3. Thomas D. Kendrick, A History of the Vikings, p. 176. Courier Dover Publications, 2004. ISBN 0-486-43396-X
  4. "The Book of THoTH (Leaves of Wisdom) - Dragon" (notes), webpage: BT-Dragon.
  5. "En Nordisk Runeindskrift i Piræus, med Forklaring af C.C. Rafn", Antiquarisk Ridsskrift, 1855-57
  6. A. Craig Gibson, «Runic Inscriptions: Anglo-Saxon and Scandinavian», in Transactions of the Historic Society of Lancashire and Cheshire, p. 130. Historic Society of Lancashire and Cheshire, 1902
  7. Sophus Bugge «Piræus-Løven i Venedig og dens Indskrifter» på Wikisource
  8. Sophus Bugge «Piræus-Løven i Venedig og dens Indskrifter» på Wikisource
  9. Sophus Bugge «Piræus-Løven i Venedig og dens Indskrifter» på Wikisource
  10. Sophus Bugge «Piræus-Løven i Venedig og dens Indskrifter» på Wikisource

Denne artikkelen byggjer på «Pireaus Lion» henta frå Wikipedia på engelsk, «Pireuslejonet» henta frå Wikipedia på svensk og «Pireusløven» henta frå Wikipedia på bokmål 6. juni 2007.