Pirkko Määttä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pirkko Määttä
Statsborgarskap Finland
Fødd 7. mars 1959 (65 år)
Kuusamo
Yrke langrennsløpar
Høgd 169 centimeter

Pirkko Määttä (fødd 7. mars 1959) er ein finsk tidlegare langrennar frå Kuusamo som vann gull, sølv og bronse under Ski-VM 1989 i Lahti, og dessutan to OL-bronsar i stafett.

Määttä deltok i internasjonalt langrenn gjennom femten sesongar til 1995. Fram til 1988 høyrde ho til sjiktet like bak verdseliten i langrenn, men då ho jamnt var med på Finlands stafettlag i dei store meisterskapane, sanka ho olympisk bronsemedalje i 4 x 5 km stafett både under Sarajevo-OL 1984 og Calgary-OL 1988. Den store framgangen kom då Ski-VM 1989 fann stad på heimebane i Lahti. Her syrgde dei finske kvinnene for storeslem i 10 km klassisk stil, med gull til Marja-Liisa Kirvesniemi, sølv til Määttä og bronse til Marjo Matikainen. Fire dagar seinare stakk dei same tre også av med alle medaljane på 15 km, då med Matikainen føre Kirvesniemi og med Määttä på tredjeplass. Dei same tre utøvarane, pluss Jaana Savolainen sikra deretter finsk siger på stafetten.

Inn på 1990-talet høyrde Määttä framleis med mellom dei utøvarane som kunne knipe ein medalje eller ein pallplass i tevlingar i klassisk stil, men som i beste fall hamna på ein 6.-8.-plass.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar