Pistoia
Pistoia | ||
---|---|---|
![]() | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
![]() Toscana Pistoia | |
Borgarmeister | Renzo Berti | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
236 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
92 267 391/km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 65 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 51100 | |
Telefon-retningsnummer | 0573 | |
Nettstad: www.comune.pistoia.it |
Pistoia er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Pistoia i regionen Toscana og har om lag 90 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 30 km vest og nord for Firenze.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Pistoria (stundom òg Pistorium eller Pistoriae på latin) var eit senter for dei gallarar, ligurarar og etruskarar før han vart ein romersk koloni på 500-talet fvt., langs den viktige vegen Via Cassia. I 62 fvt. vart demagogen Catiline og tilhengarane hans slakta i nærleiken. Frå 400-talet vart byen eit bispesete og under langobardane vart han ein kongeleg by med fleire privilegium. Gullalderen til Pistoia starta i 1177 vart staden erklært ein fri kommune og dei neste åra vart han eit viktig politisk senter, det vat reist bymurawr og fleire offentlege og religøse bygg.
I 1254 mista ghibellinarane i Pistoia makta til guelfarane i Firenze. Pistoia vart verande under Firenze bortsett frå ein kort periode på 1300-talet då Castruccio Castracani erobra han for Lucca. Han vart offisielt annektert til Firenze i 1530. På 1300-talet var Ormanno Tedici ein av herrane i byen.
I 1786 vart eit kjent jansenisme-råd halde i Pistoia.
Dante nemnde byen i Divina Commedia som heimstaden til Vanni Fucci, som ein møter i Inferno samanfiltra i ein knute av slangar med han forbanner Gud.
Pistoia har gjeve namn til pistolen[1], som vart produsert her på 1500-talet. I dag er han derimot mest kjend for dei mange hagane som ligg rundt byen og blomstermarknaden.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Pistoia» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2008.
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
