Piteå kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Piteå kommun
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Norrbottens län
Landskap Norrbotten
Areal 3 237,37 km²
 - land 3 086,95 km²
 - vatn 150,42 km²
Folketal 3 085[1] (2011)
Piteå Municipality in Norrbotten County.png
Wikimedia Commons: Piteå Municipality

Piteå kommune ligg i det sør-austlege hjørnet av det svenske länet Norrbottens län i landskapet Norrbotten. Kommunen grensar mot nabokommunane Luleå, Älvsbyn, Arvidsjaur og Skellefteå. Administrasjonssenter i kommunen er Piteå. Piteå kommune er omtrent like stor som Blekinge län.

Piteå stadshotell 1908.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Pite älv munnar ut i Bottniska vika ved Pite havsbad. Området er kjend for sine sandstrender og behagelege badetemperaturar om sommaren og har vore marknadsført som «Nordens riviera». Utanfor kysten finst ein skjergard med over 500 øyar og holmar. Elles er landskapet relativt flatt, lågtliggande og myrlendt.[2] I vest på grensa til Arvidsjaur kommune ligg innsjøane Pjesker og Gråträsket.

Piteå har samband til det svenske jernbanenettet gjennom Piteåbanan.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Piteå kommune hadde fjorten tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[3]

# Tettstad Innbyggjarar
1. Piteå 22 650
2. Bergsviken 2 317
3. Rosvik 1 766
4. Norrfjärden 1 423
5. Hortlax 1 247
6. Roknäs 1 242
7. Jävre 572
8. Lillpite 454
9. Böle 418
10. Hemmingsmark 398
11. Sjulsmark 369
12. Svensbyn 362
13. Blåsmark 332
14. Sikfors 211

Venskapskommuner[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
  2. Artikkel om Piteå kommune i snl.no
  3. Statistiska centralbyrån den 31 december 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]