Piteşti
Piteşti | |||
---|---|---|---|
St. Georg-kyrkja i Piteşti | |||
| |||
Plassering | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land | ![]() | ||
Fylke | Argeş | ||
Borgarmeister | Tudor Pendiuc | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
40,7 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik - Storbyområde |
315 214 7 744,8 /km² 402 786 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 110xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 48 | ||
Bilnummer | AG | ||
Nettstad: www.primariapitesti.ro |
Piteşti (/pi'teʃtʲ/) er ein by i Romania som ligg ved elva Argeş. Han er hovudstad og største by i Argeş fylke, og eit viktig handels- og industrisenter, i tillegg til at han har to universitet. Han ligg ved motorveg A1 som går direkte til hovudstaden Bucureşti og er eit viktig jernbaneknutepunkt med ein rangerstasjon i den nærliggande Bălileşti. I byen ligg oljeraffineri Arpechim og eit marknadsføringsenter for bilindustrien, særleg for bilen Dacia.
Området har vore busett sidan førhistorien, men byen vart først nemnd på 1300-talet. Han utvikla seg til ein handelsby nord i Valakia og var ein uformell residens for forskjellige herskarar i Valakia fram til 1700-talet. Frå 1800-talet og fram til mellomkrigstida var han eit viktig politisk senter for Det nasjonale liberale partiet og residens for politikarane i Brătianu-familien. Dei første åra under kommunistregimet var det mykje politisk undertrykking i byen og i Piteşti fengsel vart det utført hjernevaskingseksperiment.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Piteşti» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: