Hopp til innhald

Pitkävuori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pitkävuori

Pitkävuori er eit tidlegare skianlegg, særleg for skihopping i Jämsä i Tavastland i Finland. Heile skianlegget bestod av to skibakkar med ankertrekk og fem hoppbakkar i ulike storleikar. Storbakken var i bruk fram til 1994.

I Noreg er Pitkävuori mest kjend for at Torgeir Brandtzæg vart skadd der i 1965, slik at han måtte gje opp karrieren som hoppar.